Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Bjørnafjorden kommune tilbyr tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar og har 8 bufellesskap og 2 dagsenter, inkludert avdelinga ved Idrettsvegen i Osøyro. Stillinga krev autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar og erfaring frå målretta miljøarbeid.
Arbeidet fokuserer på livskvalitet, inkludering og tverrfagleg samarbeid. Du vil bidra i eit inspirerande arbeidsmiljø, med vekt på etikk, lojalitet og respekt, og delta i kreative løysingar som fremmer brukarens sjølvstende og deltaking
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personer med ulikefunksjonsnedsettinger. Tenesta består av 8bufellesskap og 2 dagsenter. Idrettsvegen er eit bufellesskap somgjev tenester til 10 personar (vaksne) med ulike bistandsbehov.Avdelinga ligg lokalisert nokre få minutt i frå Osøyro.
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på godlivskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. Hos oss skal jobben handle om livskvalitet.\"Kva er viktig for deg\", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar.Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistandvedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
«Kven er du?» Det viktigaste for oss er at du har eit varmt hjarte og eit godt fagleg blikk. Er du ein lagspelar som spreier energi i personalgruppa og tør å tenkje utenfor boksen når de vanlege løysingane ikkje strekk til ?
Her får du ikkje berre ein jobb, du får moglegheit til å utgjere den største forskjellen i nokon sitt liv Du får en meiningsfull kvardag, der du kan sjå resultatet av jobben du gjer kvar einaste dag Du får jobbe samen med engasjerte kollegaer som brenner for det same som deg.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.