Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Gloppen kommune i nærleiken av Breim barnehage søker fagarbeidar i barnnehagen for periode frå straks og ut barnehageåret 2026-27. Ei 60 % stilling frå november til 14. august 2027 og ei 100% stilling frå 1. mars til 14. august 2027.
Ved manglande søkjarar kan tilsettast av assistent vurderast. Barnehagen ligg i Reed, ca. 15 min frå Sandane. Dei fokuserer på språk og inkluderande miljø, og har kjøkenhage og gymsal.
Vi har ledig vikariat som fagarbeidar i Breim barnehage frå snarast og ut barnehageåret 2026-27.
Ei 60 % stilling frå november til 14. august 2027. Ei 100% stilling frå 1. mars til 14. august 2027.
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, vert tilsetting av assistent vurdert.
Breim barnehage har fem avdelingar. Barnehagen ligg på Reed, ca 15 min frå kommunesenteret Sandane. Barnehagen har språk og inkluderande barnehagemiljø som satsingsområde. Barnehagen har kjøkenhage og gymsal.
Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tiltreding.
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.