Aumenta le possibilità di ricevere una risposta da questo datore di lavoro
Il tuo curriculum e una lettera di presentazione personalizzati, che corrispondono esattamente a ciò che sta cercando.
Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt (SYS IKL) søkjer fagansvarleg lege som kan fungere som dagleg leiar si nære støttespelar i fagleg rådgjeving og sikre fagleg praksis ved legevakta. Den somtilsett vil rapportere til leiar og samarbeide med legekontora i det interkommunale samarbeidet.
Stillinga krev godkjend spesialist i allmennmedisin, gjerne med samfunnsmedisin som tillegg. Det blir lagt vekt på erfaring frå legevakt og evne til å delta i tverrfagleg samarbeid internt og med
Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt (SYS IKL) er ei veldreve legevakt som har vore i funksjon sidan 2009. Vi treng no ny fagansvarleg lege, som er interessert i å oppretthalde og vidareutvikle den gode legevakta i Sunnfjord.
Søker må vere godkjent spesialist i allmennmedisin i Norge. Spesialitet i samfunnsmedisin vil og vektleggast, alternativt vil det leggast til rette for å kunne oppnå spesialiteten
Søker må ha norsk autorisasjon som lege og god erfaring frå legevakt
SYS IKL har hatt ein lege som øvste leiar dei siste 14 åra. Stillinga er no sagt opp frå 1. januar 2027, grunna nye arbeidsoppgåver utenfor organisasjonen. Vi lyser difor ut stilling som fagansvarleg lege, der sjølve leiaransvaret ikkje lenger er lagt til stillinga.
Stillinga inneber at du er dagleg leiar sin næraste medarbeidar med tanke på fagleg rådgjeving for organisasjonen, og for å sikre god fagleg praksis ved legvakta. Som eit interkommunalt selskap (IKS) er vi organisert med eige styre, som har 5 faste styremøter årleg. I forkant av styremøter er det møte i det rådgjevande fagrådet, der legevaktansvarleg lege frå kvart legekontor i samarbeidet møter. Kvart halvår er det møte i representantskapen, som er organisasjonens øvste organ. Fagansvarleg lege deltek i førebuing av saker til fagråd-, styre- og representantskapsmøter, og har saman med leiar for legevakta møte- og talerett. Vidare har fagansvarleg lege ansvar for å bidra til gjennomføring av dei vedtak som er fatta i styre- og representantskapsmøtene.
SYS IKL har ein erfaren administrativ leiar i 100% stilling. Ilp av første halvåret 2027 vil denne stillinga bli utlyst, med tanke på å tilsette ny dagleg leiar. Vidare er det to erfarne fagutviklingssjukepleiar i kvar sin 50% stilling (ØHD/legevakt og legevaktsentral/legevakt). Til saman utgjer dette leiargruppa ved legevakta som samarbeidar tett. På overgrepsmottaket er det erfaren lege (tidlegare legevaktsjef) i 20% stilling som medisinskfagleg ansvarleg, og erfaren fagutviklingssjukepleiar i 100% stilling.
Tidlegare legevaktsjef vil over tid vere tilgjengeleg for innføring i stillinga.
Det er om lag 50 fastlegar tilknytt legevakta. Vi har 4 fast tilsette natt-leger som går i rotasjonsstilling. Det er 28 sjukepleiarar tilsett, i samla 18 heile stillingar.

SYS IKL er ein organisasjon i utvikling, og det må påreknast arbeidsoppgåver både opp mot drift og vidareutvikling av organisasjonen:
Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt (SYS IKL) vart oppretta i 2009. Sidan 2017 har legevakta vore drifta frå nye og moderne lokal tett tilknytt Førde sentralsjukehus. Dagens legevaktsjef (som og er fagansvarleg lege) har vore tilsett sidan 2012.
Legevakta er samlokalisert med ØHD/ korttidsavdeling og legevaktsentral, og ligg vegg-i-vegg med ambulansestasjon og sjukehus. Legevakta er eigd av 5 kommunar (ca 35.000 innbyggarar), og har legevaktsentral for halvparten av innbyggarane (ca 55.000) i gamle Sogn og Fjordane fylke. SYS IKL driftar og overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane, med eigen medisinskfagleg ansvarleg lege.