A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt (SYS IKL) søkjer ny dagleg leiar med mål om å vidareutvikle den samlokaliserte legevakta i Førde og sikre god fagleg praksis og teneste til egnakommunane. Rollen krev leiarerfaring, helsekompetanse og evne til å koordinere ei tverrfagleg leiargruppe.
Dette er ei utfordrande stilling i ei IKS med styre og rådgjevande fagråd, der dagsorden vert forberedt og saker til styre og representantskap vert handsama.
Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevaktsamarbeid er ein spanande arbeidsplass i utvikling. Vi treng no ny dagleg leiar, som har eit ønske om å drifte vidare den gode legevakta vi har, og utvikle den videre innanfor behova til våre eigarkommunar.
Søker må har minimum bachelorutdanning innan fagområdet helse. Tidlegare leiar-utdanning og -erfaring vil vektleggast. Tidlegare erfaring frå og kjennskap til legevakt vil vere ei føremon.
SYS IKL har hatt ein lege som øvste leiar dei siste 14 åra. Stillinga er no sagt opp frå 1. januar 2027, grunna nye arbeidsoppgåver utanfor organisasjonen. Stillinga som fagansvarleg lege er lyst ut, leiaransvaret ligg ikkje lenger til den stillinga. Administrativ leiar vil fortsette i si stilling fram til 31. mai 2027. Om ønskeleg, vil det vere opning for å tiltre i ny stilling som dagleg leiar tidlegare enn 1. juni 2027.
Stillinga som dagleg leiar inneber at du har det øvste administrative ansvaret for organisasjonen. Fagansvarleg lege er leiar sin næraste medarbeidar med tanke på fagleg rådgjeving for organisasjonen, og for å sikre god fagleg praksis ved legevakta. Som eit IKS er vi organisert med eige styre, med 5 faste styremøter årleg. I forkant av styremøter er det møte i det rådgjevande fagrådet, med legevaktansvarleg lege frå kvart legekontor i samarbeidet. Kvart halvår er det møte i representantskapen, som er organisasjonens øvste organ. Dagleg leiar førebur saker til fagråd, styre- og representantskapsmøter, og har saman med fagansvarleg lege møte- og talerett. Vidare har dagleg leiar ansvar for å gjennomføre dei vedtaka som er fatta i styre- og representantskapsmøtene.
SYS IKL har per no ein erfaren administrativ leiar i 100% stilling ut mai 2027, men kan fråtre tidlegare om dette er ønskeleg. Leiarrolla leggast no til denne stillinga. Stillinga som fagansvarleg lege er utlyst frå 1. januar 2027. Det er to erfarne fagutviklingssjukepleiar i kvar sin 50% stilling (ØHD/legevakt og legevaktsentral/legevakt). Til saman vil dette utgjere dette leiargruppa ved legevakta som samarbeidar tett. På overgrepsmottaket er det erfaren lege (tidlegare legevaktsjef) i 20% stilling som medisinskfagleg ansvarleg, og erfaren fagutviklingssjukepleiar i 100% stilling.
Tidlegare legevaktsjef og tidlegare administrativ leiar vil over tid vere tilgjengeleg for innføring i stillinga.
Det er om lag 50 fastlegar tilknytt legevakta. Vi har 4 fast tilsette natt-leger som går i rotasjonsstilling. Det er 28 sjukepleiarar tilsett, i samla 18 heile stillingar.

SYS IKL er ein organisasjon i utvikling, og det må påreknast arbeidsoppgåver både opp mot drift og vidareutvikling av organisasjonen:Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt (SYS IKL) vart oppretta i 2009. Sidan 2017 har legevakta vore drifta frå nye og moderne lokal tett tilknytt Førde sentralsjukehus. Dagens legevaktsjef (som og er fagansvarleg lege) har vore tilsett sidan 2012.
Legevakta er samlokalisert med ØHD/ korttidsavdeling og legevaktsentral, og ligg vegg-i-vegg med ambulansestasjon og sjukehus. Legevakta er eigd av 5 kommunar (ca 35.000 innbyggarar), og har legevaktsentral for halvparten av innbyggarane (ca 55.000) i gamle Sogn og Fjordane fylke. SYS IKL driftar og overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane.
Hovdebygda, Nordfjordeid, Førde, Sogndal, Stord, Ålesund