A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Evanger barnehage søker engasjert barnehagelærar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Tiltreding er ynskjeleg frå 1. desember.
Me legg vekt på leiken og eit utviklingsorientert arbeidsmiljø i ein 1-avdelingsbarnehage på Evanger, ca. 20 minutt frå Voss sentrum. Tilsette får tilbud om rekrutteringstillegg ved fyrstegongs tilsetjing, samt årskort og gode vilkår for fagleg utvikling i eit sosialt miljø.
Evanger barnehage søkjer engasjert barnehagelærar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Tiltreding er ynskjeleg fra 1. desember eller etter avtale. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår. Satsingsområdet i dei neste åra er «Alle barn skal bli lest for i vossabarnehagane kvar dag.»
Den som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Evanger barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Evanger, ca. 20 minuttar frå Voss sentrum. Det er 15 barn i barnehagen i alderen 1 -5 år.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som innehold namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven