Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Luranetunet bu- og behandlingssenter i Bjørnafjorden kommune søkjer engasjerte helsefagarbeidarar til nattestilling. Du vil bulie kjennskap til alle avdelingar, få varierte arbeidsdagar og samarbeide tverrfagleg med ulike yrkesgrupper.
Du må vere førebudd på å bruke kompetansen der behovet er størst. Vi tilbyr eit lærande miljø, gode mulegheiter for vidareutdanning i kommunen og eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
Luranetunet bu- og behandlingssenter ser på ulike måtar å organisere arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og ha rett kompetanse på rett plass. Vi treng deg som ønskjer å være med å videreutvikle denne måten å jobbe på og ser moglegheiter framfor begrensingar.
Som tilsett på Luranetunet bu- og behandlingssenter vil du få moglegheit til å bli kjent med alle avdelingar. Dette skaper varierande arbeidskvardagar, brei erfaring og kunnskap innen mange ulike område. Du får jobbe tverrfagleg og blir godt kjent med alle yrkesgrupper og du må vera førebudd på å brukakompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.
Denne typen jobb passer for deg som:
Har du anna relevant utdanning/arbeidserfaring kan du og verta vurdert.
Luranetunet bu- og behandlingssenter ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 175plassar fordelt på 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Vi har båderehabilitering, behandling og avdelingar spesielt tilrettelagt for personar med demens og eigne nattevaktslag.
Hos oss står bebuarane sine livshistorier og behov i sentrum – vi ser alltid personenbak sjukdommen. Vår visjon er «Varme og vekst i samspel», noko som speglarbåde omsorga for bebuarane, utviklingsmoglegheitene for dei tilsette og det godemiljøet i og rundt tropehagen vår på 1300 m².
Vil du lesa meir omLuranetunetbu- og behandlingssenter sjå vår heimeside:
Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads-eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.