Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sunnfjord kommune søkjer etter ergoterapeut til fast stilling ved Naustdal og Sande, der oppgåva er å kartlegge bustad og gje rettleiing om tilrettelegging for meistring i eigen heim.
Du vil delta i tverrfagleg bustadteam, bidra til rehabilitering og kvardagsmeistring gjennom trening og tilrettelegging av aktivitet, og følgje opp velferdsteknologiske løysingar. Kommunal arbeidserfaring er ei fordel, men nyutdanna ergoterapeutar vert også oppmoda til å søke.
Eining fysio/ergoterapi har 22 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadane Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar, og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel.
Sunnfjord kommune har og sju driftsheimlar for privatpraktiserande fysioterapeutar, fordelt på fire ulike institutt i Førde.
Vi har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte fagpersonar. Det vert lagt opp til felles fagmøter med dei andre ergoterapeutane i tenesta.
Den legide stillinga er for tida tilknytt to av lokasjonane våre: Naustdal og Sande.
Kommunal arbeidserfaring vi vere ein fordel, men nyutdanna ergoterapeutar vert også oppmoda om å søke.
Søkar må oppgje referansar og framvise attestar ved innkalling til intervju.
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Faglig engasjert ergoterapeut søkes til Landåsveien 33 bofellesskap