Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Einingsfysio/ergoterapi i Sunnfjord kommune søkjer ergoterapeut til 100% fast stilling ved Naustdal og Sande. Rollen krev kartlegging av funksjon, meistring og tilrettelegging i eigen heim, samt opplæring i hjelpemiddel og inkludering i tverrfagleg team.
Vi søker deg som er strukturert, sjølvstendig og god til å samarbeide med andre. Krev norsk autorisasjon, gode norskkunnskapar og førarkort B. Søknad elektronisk.
Eining fysio/ergoterapi har 22 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadane Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar, og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel.
Sunnfjord kommune har og sju driftsheimlar for privatpraktiserande fysioterapeutar, fordelt på fire ulike institutt i Førde.
Vi har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte fagpersonar. Det vert lagt opp til felles fagmøter med dei andre ergoterapeutane i tenesta.
Den legide stillinga er for tida tilknytt to av lokasjonane våre: Naustdal og Sande.
Kommunal arbeidserfaring vi vere ein fordel, men nyutdanna ergoterapeutar vert også oppmoda om å søke.
Søkar må oppgje referansar og framvise attestar ved innkalling til intervju.
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.