Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Ulstein Fysioterapisenter AS har ledig driftstilskot gjennom opptrappingsavtale frå 01.01.2027 i Ulsteinvik. Driftstilskotet skal overførast gradvis frå 50% ved oppstart til 100% innan 31.12.2029, med ei nedtrappingsplan.
Senteret ønskjer ny avtalefysioterapeut som kan kjøpe seg inn i senteret og drive praksis i lokala i Ulsteinvik. Tilskotet vert tildelt basert på fagleg kompetanse, erfaring, samarbeidsevne og evne til å drive privat praksis, i samsvar med ASA 4313.
Ulstein kommune har ledig eit driftstilskot med opptrappingsavtale fra 01.01.2027 ved Ulstein Fysioterapisenter AS. Driftstilskotet skal overførast gradvis frå 50% ved oppstart til 100% seinast innan 31.12.2029. Det vert laga ein bindande nedtrappingsplan. Ulstein Fysioterapisenter AS har totalt fire driftstilskot.
Det er eit ynskje frå senteret at ny avtalefysioterapeut skal kjøpe seg inn i UlsteinFysioterapisenter AS. Senteret eig lokala dei driftar i, og lokala ligg isentrum av Ulsteinvik og blei oppussa i 2022 ved innflytting. Lokala legg godttil rette for god drift.
Ved tildeling av driftsheimelen blir det lagt vekt på den søkjaren som etter ei samla vurdering er best skikka. Det vil bli vurdert ut frå saklege kriteria som fagleg kompetanse og erfaring, samarbeidsevne, og at søkjaren er eigna og evnar å drive privat praksis.
Tildeling vil skje i samsvar med ASA 4313.
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.