Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sunnmøre tingrett søker ein domstolleiar som kan kombinere leiing og juss i ei viktig rolle. Du får ansvaret for domstolens dømmende verksemd, saksbehandling og personalleiing i eit samfunnsoppdrag basert på rettstryggleik og tillit.
Du vil leie og inspirere medarbeidarane, utvikle fagmiljø og ein kultur som tiltrekkjer dyktige medarbeidarar. Erfaring frå offentleg verksemd og kjennskap til digitale verktøy blir vektlagt.
Dersom ditt faglege engasjement spenner over både leiing og juss, kan rolla som domstolleiar vere interessant for deg. Noregs domstolar er samfunnets fremste konfliktløysar. Vi skal sikre og fremje rettstryggleiken og verne om rettssamfunnet. Uavhengigheit og tillit er føresetnader for dette.
Domstolane skal vere brukar- og utviklingsorienterte. Vi arbeider difor med forbetring av arbeidsprosessar, der KI og andre digitale verktøy spelar ei sentral rolle. Du vil kome til å ha ei pådrivarrolle i dette arbeidet. Ei viktig leiaroppgåve er å skape gode relasjonar og utvikle sterke fagmiljø og eit arbeidsmiljø som tiltrekkjer seg dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Det blir ledig embete som domstolleiar ved Sunnmøre tingrett. Tiltreding etter nærare avtale.
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere:
For å bli domstolleiar må du ha følgjande kompetanse:
Det er viktig at du kjenner deg att i fleire av følgjande eigenskapar:
Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna for embetet.
Forutan ein svært variert arbeidskvardag og eit viktig samfunnsoppdrag kan vi tilby deg følgjande i denne stillinga:
Ved tilsetjinga tilbyr vi årslønn, som for tida er kr 1.733.100.
Det gis eit årleg tillegg på kr. 92.200,- for å leie fleire rettsstadar.
Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og erfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire dommarar med fleirkulturell bakgrunn og erfaring. Dette vil gje domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.
Den som blir utnemnd, må utan erstatning finne seg i dei endringane som måtte bli gjort i rettskrinsen og organiseringa av domstolane, til dømes samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.
Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 55 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som den viktigaste konfliktløysaren i samfunnet er domstolane avhengige av tillit. Det innebar at verksemda må innfri krav og forventningar frå samfunnet.
Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit og rettstryggleik. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg vidare.
Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø.
Sunnmøre tingrett er førsteinstansdomtolen for kommunane på Sunnmøre. Vi har rettsstader i Ålesund og Volda.
Domstolen har 24 tilsette fordelte på dommarar, saksbehandlarar og administrativt personale.