Lagdommer

Norges domstoler

Bergen

On-site

NOK 1,402,000 - 1,713,000

Full time

4 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Gulating lagmannsrett søker etter to embete som lagdommar. Du vil arbeide med eit breitt spekter av juridiske problemstillingar, leia rettsmøter og rettsmeklingar og vere med på å styrke konflikløysing mellom menneske og samfunnet.

Vi legg vekt på brei yrkes- og livserfaring samt god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Tiltaket omfattar stor autonomi, og du vil vere ein sentral del av eit mangfaldig fagmiljø med høg fagleg standard.

Qualifications

  • brei yrkes- og livserfaring
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Responsibilities

  • planleggje og gjennomføre sakene på ein effektiv måte
  • leie rettsmøte og rettsmeklingar
  • bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar

Job description

To embeter som lagdommar ved Gulating lagmannsrett
Ønskjer du fagleg breidd og stort ansvar?

Noregs domstolar er den tredje statsmakta og den fremste konfliktløysaren i samfunnet. Som dommar får du arbeide med eit breitt spekter av juridiske problemstillingar, bidra til konfliktløysing mellom menneske og ta avgjerder som betyr mykje for både menneska og samfunnet. Det er ein fagleg krevjande og spennande jobb, der ein skal forvalte viktige samfunnsverdiar som uavhengigheit, rettstryggleik og tillit.

Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet med 32 dommarembete, 8 juridiske utgreiarar og 22 saksbehandlarstillingar/administrative stillingar. Domstolen vert leia av ein førstelagmann og er organisert i to likestilte dommaravdelingar, ei utgreiareining og ein administrasjon med sekretariat og fellestenester.

Lagdømmet består av Vestland og Rogaland lagsokn. Domstolen har lokale sentralt i Bergen, og har dessutan faste rettslokale i Stavanger og Haugesund. Ein del reising må påreknast.

Det blir ledig to embete som lagdommar ved Gulating lagmannsrett. Tiltreding etter avtale.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine er

  • å planleggje og gjennomføre sakene på ein effektiv måte
  • å leie rettsmøte og rettsmeklingar
  • å bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar

For å bli lagdommar må du ha følgjande kompetanse:

  • brei yrkes- og livserfaring, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere, og i møte med menneske
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne, med eit språk alle kan forstå

Vitnemål og karakterutskrifter skal leggjast ved søknaden. Vi ber om at dokumentasjonen blir henta frå Vitnemålsportalen og lasta opp saman med søknaden.

Personlege eigenskapar

Det er viktig at du kjenner deg igjen i fleire av følgjande eigenskapar:

Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna for embetet.

  • stort rom for kontinuerleg utvikling i eit spennande fagmiljø
  • moglegheit for éin månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • faglege samlingar og samarbeid med andre domstolar
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Ved tilsetjing tilbyr vi årsløn som for tida er kr 1 557 600.

Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og erfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire dommarar med fleirkulturell bakgrunn og erfaring. Dette vil gi domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.

Den som blir utnemnd, må uten erstatning finne seg i dei endringane som måtte bli gjort i rettskrinsen og organiseringa av domstolane, til dømes samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.

Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 55 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som den viktigaste konfliktløysaren i samfunnet er domstolane avhengige av tillit. Det innebar at verksemda må innfri krav og forventninger frå samfunnet.

Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit og rettstryggleik. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg videre.

Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Kortidskonstitusjon som lagmann ved Borgarting lagmannsrett
Kortidskonstitusjon som lagmann ved Borgarting lagmannsrett

Borgarting lagmannsrett • Oslo fylke

On-site
NOK 950,000 - 1,250,000
Dommerfullmektig
Dommerfullmektig

DeepOcean • Hamar

On-site
NOK 504,000 - 616,000
Pensjonsordninger i SPK
Forsikringsordninger i SPK
Låneordninger i SPK
+2
Tingrettsdommer
Tingrettsdommer

Norges domstoler • Ålesund

On-site
NOK 1,335,000 - 1,632,000
Saksbehandler - vikariat
Saksbehandler - vikariat

Romerike og Glåmdal tingrett • Lillestrøm

On-site
NOK 450,000 - 550,000
Gode pensjons-, forsikrings- og låneav
Fleksibel arbeidshverdag med fleksitid
Gode pensjons-, forsikrings- og låneev
Embete som nestleder i avdeling/tingrettsdommer ved Oslo tingrett
Embete som nestleder i avdeling/tingrettsdommer ved Oslo tingrett

Yngve Svendsen • Oslo fylke

On-site
NOK 1,477,000 - 1,805,000
Pensjons- og låneordninger
Gode forsikringsordninger
Embete som nestleder i avdeling/tingrettsdommer ved Oslo tingrett
Embete som nestleder i avdeling/tingrettsdommer ved Oslo tingrett

Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger • Oslo fylke

On-site
NOK 1,395,000 - 1,881,000
Konstitusjon som tingrettsdommer ved Trøndelag tingrett
Konstitusjon som tingrettsdommer ved Trøndelag tingrett

Magnhild Børsting Røe • Steinkjer

On-site
NOK 1,335,000 - 1,632,000
Pensjonsordning
Forsikringsordning
Låneordning
Dommerfullmektig
Dommerfullmektig

Hedmarken og Østerdal tingrett • Hamar

On-site
NOK 504,000 - 616,000
Gode pensjonsordninger i staten
Fleksibel arbeidshverdag med trening i
Introduksjonsprogram
+1
Konstitusjon som tingrettsdommer
Konstitusjon som tingrettsdommer

Sunnmøre tingrett • Ålesund

On-site
NOK 1,335,000 - 1,632,000
Utvikle domstolene og deg selv
Tverrfaglig miljø
Varierte og utfordrende arbeidsoppgav
Saksbehandler
Saksbehandler

Romerike og Glåmdal tingrett • Lillestrøm

On-site
NOK 520,000 - 680,000
utvikle domstolene og deg selv
tverrfaglig arbeidsmiljø
varierte og utfordrende arbeidsoppgår
+3
Top locations