Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Stordal skulekorps ligg i Stordal og har lange tradisjonar i musikkmiljøet. Fjord kulturskule søkjer ein dirigent som leier korpset, med ansvaret for planlegging av øvingar og konsertar og eit inkluderande læringsmiljø.
Stillinga vert primært utlyst som fast, men endelig omfang vert avklart i tilsettingsprosessen. Oppstart er sett til januar 2027 og politiattest må framvisast. Lønns- og arbeidsvilkår følgjer KS-avtalen.
Arbeidsgivar: Fjord kommune
Vil du vere med på å gjere ein forskjell for eit lite, men engasjert skulekorps i vakre Stordal?
Stordal skulekorps har musikantar i alderen 9–17 år, i tillegg til fleire støttemedlemmer over 18 år som deltek når dei har høve. Frå januar 2027 vil korpset ha 12 faste musikantar på øvingane. Korpset har ei engasjert foreldregruppe som bidreg aktivt til drift og arrangement.
Korpset har vore ein viktig del av musikkmiljøet i Stordal sidan oppstarten i 1963. Kvart år gjennomfører dei eit vår- og eit haustprosjekt, og deltek på faste arrangement gjennom året. Mellom anna medverkar dei til 17. mai-feiringa, julegrantenning, adventskonsert i Stordal kyrkje og eit korpsstemne i løpet av sommar- eller haustsesongen.
Stordal skulekorps har øvingsdag torsdag ettermiddag/kveld.
Fjord kulturskule
Fjord kulturskule har følgjande stillingsdelar ledig for fast og/eller mellombels tilsetting:
Inntil 16% direksjon Stordal skulekorps.
Stillinga vert primært utlyst som fast stilling, men endeleg tilsettingsform og omfang vil bli avklart i løpet av tilsettingsprosessen.
Samarbeidet mellom kommunen som arbeidsgjevar og skulekorpset som oppdragsgjevar er regulert i ein eigen avtale. Korpset har uttalerett i tilsettingsprosessen.
Ønska oppstart av stillinga er januar 2027.
Øvrige vilkår:
Thea Marie Ytterdal,Rektor kulturskulen,+47 41576702
Stordalsvegen 671
6250Stordal
Arbeidsgivar: Fjord kommune
Referansenr.: 5201436287
Stillingsprosent: 16%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026