Direktør

Human As

Norway

Remote

NOK 1,500,000 - 2,100,000

Full time

11 days ago

Get a reply from this recruiter

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Vestlandsforsking i Sogndal søker ein direktør som kan utvikle instituttet, styrkje finansieringsgrunnlaget og styrkje posisjonen i klima, miljø, reiseliv og teknologi. Du blir ansvarleg for vald strategi, økonomi og dagleg drift i eit fritt og framtidsretta fagmiljø.

Du byggjer relasjonar internt og eksternt, tilpasser seg politiske og administrative rammer og prioriterer tiltak som fremjar grøne og digitale omstillingar. Søkjar blir rekna som ein viktig leiar for kunnskapsorganisasjonar.

Qualifications

  • Relevant høgare utdanning og leiingserfaring frå kunnskapsmiljø eller liknande.
  • Evne til å byggje nettverk og skaffe finansiering.
  • Evne til å kommunisere komplekse problemstillingar og eigne løysingar.

Responsibilities

  • Ansvar for utvikling, økonomi og dagleg drift ved instituttet.
  • Støtte leiarlag og fagmiljø; rekruttere og halde på dyktige medarbeidarar.
  • Open dørene for forsking, koordinere samarbeidsparter og finansieringsgrunnlag.

Skills

Strategisk ledelse
Kommunikasjon
Relasjonsbygging
Prosjektledelse

Education

Høgare utdanning

Job description

Vil du byggje vidare på eit sterkt forskingsmiljø i Sogndal?

I Sogndal arbeider forskarane i Vestlandsforsking med spørsmål som angår langt fleire enn dei som bur her. Blant anna korleis lokalsamfunn møter klimaendringane, og korleis ny teknologi kan bidra til eit meir berekraftig og inkluderande samfunn. Kunnskapen utviklar vi saman med kommunar, næringsliv og forskingspartnarar i og utanfor Europa. No søkjer vi ein direktør som vil gi dette arbeidet gode vilkår og større gjennomslag.

Du kjem til eit sjølvstendig forskingsinstitutt med engasjerte medarbeidarar, stor fagleg fridom og eit arbeidsmiljø prega av tillit. Her finst både vilje til å utforske nye spørsmål og erfaringa som trengst for å gjere idear til forskingsprosjekt. Saman med medarbeidarane og styret skal du utvikle instituttet vidare og bidra til å styrkje Vestlandsforsking sin posisjon som eit leiande forskingsinstitutt innan klima og miljø, reiseliv, teknologi og samfunn.

Som direktør har du ansvar for utviklinga, økonomien og den daglege drifta ved instituttet. Du støttar leiarane og fagmiljøa og bidreg til at vi rekrutterer og held på dyktige folk. Gjennom kontakt med styresmakter, finansieringskjelder og samarbeidspartnarar skal du opne dører for forskinga, samle partnarar om større satsingar og styrkje finansieringsgrunnlaget og posisjonen til instituttet.

KVEN SER VI ETTER?

Vi søkjer ein trygg og samlande leiar som forstår kva som skal til for at sjølvstendige fagfolk lukkast. Du er synleg og tilgjengeleg, støttar leiarane og gir rom for faglege initiativ. Samstundes evnar du å sjå heilskapen, prioritere og ta avgjerder. Du lyttar og involverer, og sørgjer for at viktige prosessar kjem i mål.

Du har relevant høgare utdanning og god leiarerfaring frå ei kunnskapsverksemd eller anna verksemd med tilsvarande kompleksitet. Du har leia medarbeidarar og leiarar med høg fagleg kompetanse og forstår samanhengen mellom aktivitet, ressursbruk og økonomiske resultat. Erfaring med prosjektbasert verksemd og ekstern finansiering er ein fordel.

Du byggjer tillit og relasjonar både internt og eksternt, og forstår korleis politiske og administrative avgjerder påverkar handlingsrommet til ei verksemd. Erfaring frå forskings- og instituttsektoren er ein fordel, men bakgrunn frå politikk eller offentleg forvaltning er og interessant, kombinert med relevant leiarerfaring og forståing for kunnskapsorganisasjonar. Personlege eigenskapar og korleis du brukar dei i leiarskapet ditt, vil bli tillagde stor vekt.

Arbeidsstaden er Sogndal. Du må ønskje å vere til stades i organisasjonen og bli godt kjend med menneska og miljøet du skal leie.

Lytt til podkasten der styreleiar Silja Ekeland Bjørkly deler tankar om Vestlandsforsking og rolla som direktør. Du finn episoden i podkasten «Human talk» på Spotify.

Søknadsfrist

25.11.2026

Det vert utarbeidd offentleg søkjarliste i tråd med offentleglova. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom reservasjon ikkje blir teke omsyn til, vil søkjaren bli varsla om dette.

Vestlandsforsking er ei sjølvstendig forskingsstifting etablert i 1985. Instituttet utviklar kunnskap om klima og miljø, reiseliv og samspelet mellom teknologi og samfunn. Forskinga skal hjelpe kommunar, styresmakter og næringsliv med å møte klimaendringane og gjere den grøne og digitale omstillinga berekraftig, inkluderande og rettferdig.

Med base i Sogndal arbeider Vestlandsforsking med samfunnsutfordringar som strekkjer seg langt utover regionen. Instituttet utfører forskingsoppdrag for offentleg sektor og næringsliv og har lang erfaring med å leie og delta i internasjonale forskingsprosjekt. Gjennom samarbeid med fagmiljø og partnarar i og utenfor Europa utviklar instituttet kunnskap som skal takast i bruk i samfunnet.

Instituttet har eit engasjert fagmiljø med stor fagleg fridom og ein kultur der medarbeidarane støttar kvarandre. Vestlandsforsking held til i nye og attraktive lokale på Campus Sogndal, med kort veg til andre kunnskapsmiljø, eit aktivt lokalsamfunn og naturen rundt. Les meir på vestforsk.no.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Vil du byggje vidare på eit sterkt forskingsmiljø i Sogndal?
Vil du byggje vidare på eit sterkt forskingsmiljø i Sogndal?

Vestlandsforsking • Sogndal

On-site
NOK 1,200,000 - 1,700,000
Vil du byggje vidare på eit sterkt forskingsmiljø i Sogndal?
Vil du byggje vidare på eit sterkt forskingsmiljø i Sogndal?

Silja Ekeland Bjørkly • Sogndal

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Vil du byggje vidare på eit sterkt forskingsmiljø i Sogndal?
Vil du byggje vidare på eit sterkt forskingsmiljø i Sogndal?

Human AS • Sogndal

On-site
NOK 1,000,000 - 1,400,000
Direktør for eit ledande forskingsmiljø i Sogndal
Direktør for eit ledande forskingsmiljø i Sogndal

Vestlandsforsking • Sogndal

On-site
NOK 1,200,000 - 1,700,000
Direktør for eit leiande forskingsmiljø i Sogndal
Direktør for eit leiande forskingsmiljø i Sogndal

Silja Ekeland Bjørkly • Sogndal

On-site
NOK 1,200,000 - 1,800,000
Direktør i Sogndal: Lei forskingsinstitutt mot klima
Direktør i Sogndal: Lei forskingsinstitutt mot klima

Human As • Norway

Remote
NOK 1,500,000 - 2,100,000
Direktør for eit leiande forskingsmiljø i Sogndal
Direktør for eit leiande forskingsmiljø i Sogndal

Human As • Sogndal

On-site
NOK 1,000,000 - 1,400,000
Vil du jobbe innan kontor og administrasjon?
Vil du jobbe innan kontor og administrasjon?

Rettleiingstenesta Vestland sør, Vestland fylkeskommune • Leirvik

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Gode offentlege pensjons- og forsikr
Miljøarbeidar. Vikariat
Miljøarbeidar. Vikariat

Sotra vidaregåande skule • Skogsvåg

On-site
NOK 210,000 - 270,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Inkluderande og godt arbeidsmiljø
Gode moglegheiter til eiga læring ogut
+1
Rådgjevar/seniorrådgjevar - miljø og klima
Rådgjevar/seniorrådgjevar - miljø og klima

Statsforvaltaren i Vestland • Bergen

Hybrid
NOK 630,000 - 800,000
delvis heimekontor
fleksibel arbeidstid
Trening i arbeidstida
+1
Top locations