Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Fjord1 søker ein erfaren dekkssjef til sambandet Husavik–Sandvikvåg, med døgnskift og ein strukturert arbeidsdag om bord. Du har hovudansvar for trygg og stabil drift, leiaroppgåver over mannskapet og fokus på energieffektiv drift og forskriftsoppfølging.
Stillinga gir verdifull erfaring og moglegheit til vidare sertifikatutvikling, og oppstart er snarast. Fjord1 – ein stor maritime arbeidsgjevar – tilbyr eit godt kollektivt miljø og fleksible løysingar for det velferdsrelaterte.
Fjord1 har no ledig stilling som dekkssjef i sambandet Husavik–Sandvikvåg, pt. om bord på vår flotte el-ferje MF Husavik.
På dette sambandet arbeider ein i døgnskift. Du har eitt døgn på jobb etterfølgt av eitt døgn fri i ein periode på 12 dager. Ved helgevakt har du samanhengande opphald om bord frå fredag til måndag. Etter arbeidsperioden følgjer 9 samanhengande fridagar.
I samband med skiftordninga bør ein bu innan rimeleg reiseveg til Husavik eller Sandvikvåg, då rederiet ikkje har bufasilitetar dei døgna ein har fri.
Som dekkssjef får du ei viktig rolle om bord, med ansvar for tryggleik og stabil drift av sambandet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving. Stillinga gir verdifull erfaring og gir grunnlag for vidare utvikling mot høgare sertifikat, med opparbeiding av fartstid i fartsområde 3.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Oppstart er snarast, men dette avtalast nærare. Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.
Søknadsfrist:
Dekkssjef i sambandet Husavik - Sandvikvåg, døgnskift
Vi ser etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet.Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.