An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Fjord1 AS søker no etter ein dekkssjef som vil vere ein del av vår ressursgruppe for samband i region Vestland. Stillinga har fast turnus 2 veker arbeid og 2 veker fri, og du må disponere eigen bil da arbeidet omfattar teneste på fleire samband i Vestlandet.
Fjord1 dekker reiseavstand over 15 km mellom arbeidsstad og bustad og tilbyr ingen bustad. Dette er ein ambulerande rolle med ansvar for kontinuitet og drift på tvers av fartøy, ruter og utfordringar.
Vi søker no etter ein dekkssjef som vil vere ein del av vår ressursgruppe for våre samband i region Vestland.
I denne stillinga vil du ha fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på 2 veker arbeid og 2 veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid.
Som ambulerande dekkssjef vil du bidra til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av flere samband, ogreservefartøy. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som dekks sjef.
I stillinga er det ein føresetnad at du disponerer eigen bil då arbeidet omfattar teneste på fleire samband på Vestlandet. Fjord1 dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og busta d, etter dei retningslinjene som er fastsette. Du må og vere busett i regionen eller sjølv kunne sørgje for ein stad å bu, då rederiet ikkje tilbyr bustad.
Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke dine leiareigenskapar og erfaring. Dette er ei rolle med stort ansvar og moglegheiter for å påverke den daglege drifta av fartøya.
Ønskeleg med oppstart snarest,men dette avtalast nærare. Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.
Søknadsfrist:
Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef/overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag.
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi flere som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.