A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Fjord1 - Maritim Drift søkjer dekkssjef til sambandet Husavik - Sandvikvåg og døgnskift, om bord på MF Husavik.
Du vil ha overordna ansvar for sikker drift og leiing av mannskap, og bidra til trygg og effektiv drift i samsvar med gjeldande regelverk. Lønn vert gitt etter overenskomst, og stillinga gir gode utviklingsmoglegheiter mot høgare sertifikat.
Fjord1 har no ledig stilling som dekkssjef i sambandet Husavik–Sandvikvåg, pt. om bord på vår flotte el-ferje MF Husavik.
På dette sambandet arbeider ein i døgnskift. Du har eitt døgn på jobb etterfølgt av eitt døgn fri i ein periode på 12 dagar. Ved helgevakt har du samanhengande opphald om bord frå fredag til måndag. Etter arbeidsperioden følgjer 9 samanhengande fridagar.
Som dekkssjef får du ei viktig rolle om bord, med ansvar for tryggleik og stabil drift av sambandet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving. Stillinga gir verdifull erfaring og gir grunnlag for vidare utvikling mot høgare sertifikat, med opparbeiding av fartstid i fartsområde 3.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Oppstart er snarast, men dette avtalast nærare. Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.
22.11.2026
Fjord1 - Maritim Drift
Fitjar, Vestre Vinnesvåg
Dekkssjef i sambandet Husavik - Sandvikvåg, døgnskift
1
Heiltid
Fast
100
Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar.
Vi ser etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.
Sandvikvåg Ferjekai, E39 13, 5419 Fitjar, Norge
Benedicte Ellingsen
Rekrutteringsmedarbeider
Telefon: 47887896
E-post: benedicte.ellingsen@fjord1.no
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.