Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Fjord1 ASA søkjer ein erfaren og dyktig dekkssjef/overstyrmann som kan sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband i Vestlandet. Stillinga krev at du disponerer eigen bil og kan reise mellom arbeidsstad og bustad innan regionen.
Du får fast turnus (2 veker på, 2 veker av) og ei grunnlønn, med høve til å påverke dagleg drift og leie maritime team. Oppstart nært framtid er ein mogueheit.
Vi søker no etter ein dekkssjef som vil vere ein del av vår ressursgruppe for våre samband i region Vestland.
I denne stillinga vil du ha fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på 2 veker arbeid og 2 veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid.
Som ambulerande dekkssjef vil du bidra til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband, og reservefartøy. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som dekks sjef.
I stillinga er det ein føresetnad at du disponerer eigen bil då arbeidet omfattar teneste på fleire samband på Vestlandet. Fjord1 dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og busta d, etter dei retningslinjene som er fastsette. Du må og vere busett i regionen eller sjølv kunne sørgje for ein stad å bu, då rederiet ikkje tilbyr bustad.
Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke dine leiareigenskapar og erfaring. Dette er ei rolle med stort ansvar og moglegheiter for å påverke den daglege drifta av fartøya.Ønskeleg med oppstart snarest,men dette avtalast nærare. Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.
Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef/overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag.