Dekksoffiser til maritimt kontrollsenter i Florø

Fjord1 - Maritim Drift

Florø

Presencial

NOK 700 000 - 900 000

Tempo integral

há 39 horas
Torna-te num dos primeiros candidatos

Recebe uma resposta deste empregador

O teu currículo e carta de apresentação, adaptados exatamente ao que estão a contratar.

Ultrapassa os filtros ATS

Vantagens oferecidas por esta oferta de emprego

Attraktive lønns- og arbeidsvilkår
Byggje kompetanse innan autonomi og ny
Fri bustad og kostordning i Florø
Dekka reise til og frå jobb

Resumo da oferta

Fjord1 - Maritim Drift i Florø søkjer ein dekksoffiser som skal vere med i utvikling og drift av verdas første autonome ferjesamband mellom Lavik og Oppedal. Du blir tett på fartøy, teknologi og operative vurderingar, og blir ein del av laget som formar kontrollsenteret i praksis.

Stillinga startar som prosjektstilling med 12-timars vakter og rotasjon to veker på/två veker av. På sikt inngår stillinga i døgnbemanna kontrollsenter, kombinert med arbeid om bord på ferjene.

Qualificações

  • D3-sertifikat og forståing for vedlikehalds- og sikkerheitsstyringssystem.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, skriftleg og munnleg.
  • Evne til raskt å setje seg inn i nye digitale system og verktøy.

Responsabilidades

  • Overvåke autonom operasjon og handtere varslar.
  • Varsle og samhandle med skipsførarar i sambandet.
  • Ansvar for lasting og lossing på sambandet.
  • Sørge for at kommunikasjonsutstyr er i god stand.

Conhecimentos

Digital kompetanse
Gode kommunikasjonsevner
Sjølvstendig arbeid
Autonomi og ny teknologi

Formação académica

D3-sertifikat

Descrição da oferta de emprego

Vil du vere med når norsk ferjedrift tek eit historisk steg inn i framtida?

No har du ei unik moglegheit til å bli ein del av miljøet som skal utvikle og drifte verdas første autonome ferjesamband. Frå vårt nye maritime kontrollsenter i Florø skal vi overvake og støtte drifta av fire nye, heilelektriske ferjer på Lavik–Oppedal. Vårt Kontrollsenter blir det første døgnbemanna kontrollsenteret i ferjenæringa.

Du kjem inn medan vi byggjer, testar og utviklar framtidas måte å drive ferje på.

Som dekksoffiser blir du tett på både fartøya, teknologien og dei operative vurderingane. Du får ei sentral rolle i testing og innfasing av dei nye ferjene, og blir ein del av laget som skal forme korleis kontrollsenteret skal fungere i praksis. For å trivast hos oss bør du vere sjølvstendig, trygg i eigne vurderingar og komfortabel med å ta ansvar. Samtidig må du spele andre gode og kommunisere godt med skipsførar, mannskap og kollegaer i kontrollsenteret.

Du bør vere nysgjerrig på ny teknologi, trygg på digitale flater og ha lett for å setje deg inn i nye tekniske system og digitale verktøy.
Vi ser etter deg som er sjølvstendig og ansvarsbevisst, nysgjerrig på teknologi og autonomi, lærer raskt og blir trigga av moglegheita til å vere med og utvikle framtidas ferjedrift.

Frå sjøen til kontrollsenteret og tilbake.

I den første fasen vil du få ei sentral rolle i testing, innfasing og utvikling av fartøya og kontrollsenterfunksjonen. Stillinga er i første omgang ei prosjektstilling med 12-timars vakter og rotasjon to veker på og to veker av. På sikt vil stillinga inngå i det døgnbemanna kontrollsenteret, kombinert med arbeid om bord på ferjene på Lavik–Oppedal. Det gir ein spennande kombinasjon av operativ sjøteneste og framtidsretta arbeid på land, samtidig som du held ved like den maritime kompetansen din, maritime sertifikat og sjømannspensjon.

Kontrollsenteret blir bemanna med både dekksoffiser/navigatør og maskinsjef. Du rapporterer til operativ leiar og samarbeider tett med ferjene, skipsførarane og andre sentrale driftsfunksjonar.

Søk og bli med på laget som skal ta verdas første autonome ferjesamband frå prosjekt til operativ kvardag.

Oppstart etter avtale.

Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for å overvåke autonom operasjon og handtere varslar.
  • Ansvar for å varsle og samhandle med skipsførarar i sambandet.
  • Ansvar for lasting og lossing på sambandet.
  • Ansvar for at kommunikasjonsutstyr er i orden. Kommunikasjonsutstyr
Kvalifikasjonar
  • D3-sertifikat
  • God digital kompetanse, teknisk forståing og interesse for ny teknologi og autonome løysingar
  • Evne til raskt å setje deg inn i nye digitale system og verktøy
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring med eller god forståing for vedlikehalds- og sikkerheitsstyringssystem
Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som blir motivert av ansvar, ny teknologi og nye utfordringar. Du er nysgjerrig og lærevillig, tek initiativ og er trygg på å jobbe sjølvstendig og ta gode avgjerder. Samstundes har du god situasjonsforståing, held hovudet kaldt når det krevst og trivst med ansvar i ein operativ kvardag. Du kommuniserer tydeleg, spelar laget godt og ønskjer å utvikle deg i takt med teknologien.

Vi tilbyr
  • Attraktive lønns- og arbeidsvilkår
  • Ei unik moglegheit til å byggje kompetanse innan autonomi og framtidsretta maritim teknologi
  • Ein spennande og variert arbeidskvardag der du får vere med og forme ei heilt ny måte å drive ferje på
  • Fri bustad og kostordning i Florø i vaktperiodane
  • Dekka reise til og frå jobb
Kontaktinformasjon

Simen Reksten Solheim,Operativ leiar,99533482, simen.solheim@fjord1.no
Sigrunn Hellebust,Rekrutteringsmedarbeidar,47330488, sigrunn.hellebust@fjord1.no

Arbeidsstad

Strandavegen
6900Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5192546811
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.10.2026

Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!

Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.

Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.

Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.

Obtém a tua avaliação gratuita e confidencial do currículo.

ou arrasta e larga o ficheiro aqui.

Similar jobs

Ofertas semelhantes que vale a pena comparar

Maskinsjef til maritimt kontrollsenter i Florø
Maskinsjef til maritimt kontrollsenter i Florø

Fjord1 - Maritim Drift • Florø

Presencial
NOK 900 000 - 1 100 000
Fri bustad og kostordning i Florø i v.
Dekka reise til og frå jobb
Attraktive lønns- og arbeidsvilkår
Sjøvakt 2:2 turnus
Sjøvakt 2:2 turnus

Fjord1 - Maritim Drift • Ogn

Presencial
NOK 750 000 - 950 000
Dekker reisekostnader til/fra arbeids‑
Treningsrom om bord
Rekrutteringsbonus
+1
Matros i 3:3 turnus
Matros i 3:3 turnus

Fjord1 - Maritim Drift • Bjørnafjorden, Tysnes

Presencial
NOK 420 000 - 540 000
Firmahytter
Leiligheiter
Treningstøtte
+2
Ambulerende skipsfører
Ambulerende skipsfører

Fjord1 AS • Vardø

Presencial
NOK 900 000 - 1 300 000
Konkurransedyktig lønn
Fastlønsavtale utenfor tariff
Firmahyttene og leiligheter
+2
1.maskinist i 2:2 turnus
1.maskinist i 2:2 turnus

Fjord1 AS • Bokn

Presencial
NOK 650 000 - 750 000
Dagskift 2 veker på 2 veker av
Bu ombord i arbeidsperioden
Treningsrom om bord
+3
Matros i 2:2 turnus
Matros i 2:2 turnus

Fjord1 AS • Kvinnherad

Presencial
NOK 420 000 - 540 000
Lønn via overenskomst
Velferdsordningar
Skiftordning 12 timar
+2
Skipsførar i 3:3 turnus
Skipsførar i 3:3 turnus

Fjord1 AS • Austrheim

Presencial
NOK 700 000 - 1 000 000
Firmahytter
Leiligheiter
Treningstøtte
+2
Stilling kjem: Prosjektleiar nybygg og ombyggingar
Stilling kjem: Prosjektleiar nybygg og ombyggingar

Fjord1 AS • Florø

Presencial
NOK 900 000 - 1 200 000
Maskinsjef i 2:2 turnus
Maskinsjef i 2:2 turnus

Fjord1 AS • Bergen

Presencial
NOK 700 000 - 860 000
Fast ansettelse
Skiftordning: 84t avtale
Reiser mellom arbeidsstad og bustad (>
+6
Maskinsjef i 2:2 turnus, dagskift
Maskinsjef i 2:2 turnus, dagskift

Fjord1 AS • Bokn

Presencial
NOK 900 000 - 1 200 000
Dagskift 2 uker on/2 uker off
Mulighet for ombordbo
Treningsrom om bord
+1