A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Fjord1 ASA i Florø søker deg som vil vere med når norsk ferjedrift tek eit historisk steg inn i framtida. Frå vårt maritime kontrollsenter skal du vere med å utvikle og drifte verdas første autonome ferjesamband mellom Lavik og Oppedal.
Stillinga er prosjektbasert med 12-timars vakter og rotasjon, og kan etter kvart inngå i det døgnbemanna kontrollsenteret. Du får ei sentral rolle i testing og innfasing av fartøya, og tett samarbeid med skipsførarar og mannskap.
No har du ei unik moglegheit til å bli ein del av miljøet som skal utvikle og drifte verdas første autonome ferjesamband. Frå vårt nye maritime kontrollsenter i Florø skal vi overvake og støtte drifta av fire nye, heilelektriske ferjer på Lavik–Oppedal. Vårt Kontrollsenter blir det første døgnbemanna kontrollsenteret i ferjenæringa.
Som dekksoffiser blir du tett på både fartøya, teknologien og dei operative vurderingane. Du får ei sentral rolle i testing og innfasing av dei nye ferjene, og blir ein del av laget som skal forme korleis kontrollsenteret skal fungere i praksis.For å trivast hos oss bør du vere sjølvstendig, trygg i eigne vurderingar og komfortabel med å ta ansvar. Samtidig må du spele andre gode og kommunisere godt med skipsførar, mannskap og kollegaer i kontrollsenteret.
Du bør vere nysgjerrig på ny teknologi, trygg på digitale flater og ha lett for å setje deg inn i nye tekniske system og digitale verktøy.
Vi ser etter deg som er sjølvstendig og ansvarsbevisst, nysgjerrig på teknologi og autonomi, lærer raskt og blir trigga av moglegheita til å vere med og utvikle framtidas ferjedrift.
I den første fasen vil du få ei sentral rolle i testing, innfasing og utvikling av fartøya og kontrollsenterfunksjonen.Stillinga er i første omgang ei prosjektstilling med 12-timars vakter og rotasjon to veker på og to veker av.På sikt vil stillinga inngå i det døgnbemanna kontrollsenteret, kombinert med arbeid om bord på ferjene på Lavik–Oppedal. Det gir ein spennande kombinasjon av operativ sjøteneste og framtidsretta arbeid på land, samtidig som du held ved like den maritime kompetansen din, maritime sertifikat og sjømannspensjon.
Kontrollsenteret blir bemanna med både dekksoffiser/navigatør og maskinsjef. Du rapporterer til operativ leiar og samarbeider tett med ferjene, skipsførarane og andre sentrale driftsfunksjonar.
Vi ser etter deg som blir motivert av ansvar, ny teknologi og nye utfordringar. Du er nysgjerrig og lærevillig, tek initiativ og er trygg på å jobbe sjølvstendig og ta gode avgjerder. Samstundes har du god situasjonsforståing, held hovudet kaldt når det krevst og trivst med ansvar i ein operativ kvardag. Du kommuniserer tydeleg, spelar laget godt og ønskjer å utvikle deg i takt med teknologien.