Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Gulen kommune i Dalsøyra søkjer byggdriftar/vaktmeister i inntil 100% fast stilling med oppstart snarast.
Stillinga er tilknytt eininga eigedomsforvaltning og omfattar drift og vedlikehald av kommunale bygg, anlegg og uteområde, med arbeidsstad ved Dalsøyra skule og varierte oppgåver i heile kommunen.
Det krevst fagbrev innan relevant fagområde, ønskje om erfaring og politiattest. Vi ser etter lagspelar, initiativrike og løysingsorienterte personar som kan arbeide sjølvstendig og i team.
Dalsbygda 68, 5960 Dalsøyra
Stillingstittel Eigedomsforvaltning. Tilsetjing i inntil 100% fast stilling byggdriftar/vaktmeister frå snarast
Gulen kommunehar ledig i inntil 100% fast stilling som byggdriftar/vaktmeister, med oppstart snarast/etter avtale. Stillinga ligg til eining eigedomsforvaltning, kor me har 22,6 årsverk som hovudsakleg jobbar med bygg/eigedomsforvaltning, reinhaldsteneste, veg/samferdsel, vatn og avløp, samt prosjekt/byggeleiing innanfor fagfelta.
Stillinga har oppmøtestad ved Dalsøyra skule, men heile kommunen kan vere arbeidsområde gjennom dagen. Me ser etter ein dyktig byggdrifter/vaktmeister som trivast med fysiske arbeidsoppgåver, samt samarbeidar godt i lag med fleire, er løysingsorientert i oppgåvehandtering, pliktoppfyllande og som vert motivert av å jobbe med driftsoppgåve med eit samfunnsnyttig føremål. Dersom du har interesse for fagleg utvikling innanfor ditt felt og ynskjer å drifte våre anlegg med god kvalitet, ynskjer me å høyre frå deg.
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2301 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Plan, landbruk og teknisk. Tilsetjing 100% vikariat einingsleiar frå 01.02.27 - medio november 27