Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Gulen kommune søkjer einingsleiar til Plan, landbruk og teknisk (PLT) i eit 100% vikariat frå 01.02.2027 til om lag midten av november 2027. Du leier ein fagleg brei eining og bidreg i langsiktig planarbeid og berekraftig utvikling.
Du blir ein del av leiarforum, samarbeid med eigedomsforvaltning og innbyggjarservice, og vil ha totalansvar for eininga i vikariatet. Gulen kommune tilbyr moglegheit for vidareutvikling og fleksibel ordning.
Stillingstittel Plan, landbruk og teknisk. Tilsetjing 100% vikariat einingsleiar frå 01.02.27 - medio november 27
Gulen kommune søkjer ein engasjert og tydeleg einingsleiar til eit 100% vikariat i eininga plan, landbruk og teknisk (PLT) frå 01.02.2027 til om lag midten av november 2027. Kan verte mogleg med noko forlenging av vikariatet.
Som einingsleiar ved PLT får du ei sentral rolle i samfunnsutviklinga i kommunen. Du leier ei fagleg breitt samansett eining og bidreg både i det langsiktige planarbeidet og i arbeidet med å leggje til rette for berekraftig utvikling, aktivitet og verdiskaping i kommunen.
Gulen er ein kommune i utvikling, med eit ambisiøst næringsliv, lang kystlinje og rik og mangfaldig natur. Stillinga gir ei god moglegheit til å påverke utviklinga i kommunen i tett samarbeid med innbyggjarar, næringsliv, politisk leiing og fagmiljø.
Du blir ein del av kommunen sitt samla leiarforum og samarbeider tett med eining for eigedomsforvaltning og avdeling for innbyggjarservice. Eininga har ansvar for byggjesak, kart og oppmåling, arealplanlegging, skog og landbruk, viltforvaltning, miljø, klima og forureining.
I dag har eininga ti tilsette. Organisering og oppgåver kan endre seg i takt med behova i kommunen. Vi ønskjer å byggje ei eining med brei kompetanse, godt samarbeid og god forståing for heilskapen i samfunnsutviklinga.
Vi ser etter deg som er samfunnsengasjert, trivst med å leie kompetente og motiverte medarbeidarar, og som handterer varierte oppgåver på tvers av fagområde.
Som einingsleiar har du det overordna faglege, personalmessige og økonomiske ansvaret for eininga. I vikariatet skal du sikre god drift, framdrift og kontinuitet i arbeidet, i tett samarbeid med medarbeidarane og resten av kommuneorganisasjonen.

Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:Vi ser etter deg som er motivert av å bidra til videre utvikling av Gulen kommune. Du må kunne setje deg raskt inn i eit breitt ansvarsområde, skape god framdrift i sakene og sikre ei føreseieleg leiing av eininga gjennom vikariatperioden. Digitalisering er ei viktig satsing i kommunen, og du vil ha ei aktiv rolle i dette arbeidet.
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2301 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.