Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
EndUser AS i Norge søkjer ein Business Developer som skal vinnne nye kundar og drive fram framgang i prosjekt innan energisektor og breiband.
Du får ansvar for eigne salsmål, reiser mykje til kundar og bransjemesser, og samarbeider tett med utvikling og marknadsavdelinga. Ein sentral rolle med stor fridom og utviklingsmoglegheiter i eit lite, kompetent team.
EndUser utviklar programvare som nettselskap og breibandsaktørar nyttar kvar dag. No søkjer me ein Business Developer som skal vinne nye kundar og drive fram nye prosjekt saman med oss.
Om stillinga
Rolla er først og fremst sal. Du får ansvar for eigne salsmål og jobbar med å finne og vinne nye kundar over heile Noreg. Samstundes skal du ta med deg det du lærer ute hjå kundane, og vere med og gjere det om til nye tenester og prosjekt. Du rapporterer til Key Account Manager og jobbar tett med utviklingsmiljøet vårt. Stillinga inneber ein del reising til kundar, messer og bransjetreff.
Finne, kvalifisere og vinne nye kundar, frå første kontakt fram til signert avtale
Byggje og følgje opp eigen pipeline
Drive nye prosjekt frå ide til pilot hjå kunde
Ta med innspel frå marknaden inn i produktutviklinga
Du har dokumenterte resultat frå B2B-sal, gjerne av programvare eller tenester
Du er god til å presentere og forhandle, både munnleg og skriftleg
Du likar å reise, og du har førarkort klasse B
Du tek initiativ, byggjer relasjonar lett og held fram til avtalen er i hamn
Erfaring frå energi- eller breibandsbransjen er ein stor fordel, men ikkje eit krav.
Om du ikkje kjenner bransjen frå før, så tek me deg gjerne gjennom han.
Kjennskap til SaaS og abonnementsmodellar er også ein fordel.
Ei sentral rolle med stor fridom til å påverke både sal og produkt
Fleksibel arbeidsstad. Du treng ikkje bu i Årdal
Profilert bil, gode forsikringar, velferdsordningar og pensjonsordning
Moglegheit for etter- og vidareutdanning
Eit større fellesskap i Årdal Energi, med trivselsaktivitetar og lagbygging på tvers av selskapa i konsernet
EndUser vart skilt ut frå Årdalsnett i 2023 og er heileigd av Årdal Energi.
Me utviklar INA, eit skybasert BSS/OSS-system som er laga spesielt for breibandsaktørar og nettselskap.
Systemet er bygd av folk som sjølv driv nett, og det merkar kundane våre.
Me er eit lite og kompetent miljø med korte vegar til avgjerdene.
Samstundes har me eit solid konsern i ryggen.