Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Luster kommune søkjer ein personleg assistent til BPA-teamet i kommunen. Stillinga er 54% fast og tilknytt ei kvinne på 35 år som bur i eigen bustad i Jostedal.
Arbeidet skjer hovudsakleg i heimen og i oppfølging av daglege rutinar og sosiale aktivitetar. Som assistent vil du hjelpa med personleg hygiene og stell, praktiske gjeremål i heimen, støtte til fysioterapi, lege- og tannlegebesøk, og oppfølging av fritidsaktivitetar og trening.
Kommunen etablerte eit nytt team med Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) i 2017. Tenesta er knytt til ei kvinne på 35 år som bur i eigen bustad i Jostedal. Me søkjer 1 personleg assistent i 54% fast stilling til teamet.
BPA er ei alternativ organisering av praktisk og personleg assistanse til menneske med funksjonshemming, der den funksjonshemma sjølv er arbeidsleiar for sine eigne assistentar.
Kvinna har celebral parese og brukar rullestol i kvardagen. Ho har eigen tilpassa bil. Kvinna har interesse for bøker, film, musikk, vintersport, skriving, kultur og sosiale aktivitetar saman med andre. Ho er utdanna fagomsetjar i norsk/engelsk, og etablerte hausten 2017 seg som sjølvstendig næringsdrivande, med eiga bedrift. Sidan 2023 har ho jobba som kontormedarbeidar ved ATS i Gaupne. I arbeidstida er ho tildelt funksjonsassistent frå NAV. Tenesteytinga vert organisert med at tilsette utgjer båe rollane som personleg assistent og funksjonsassistent.
Arbeidsstad: Gjerde, Jostedal
Arbeidsoppgåvene vil variere, men i hovudsak vere hjelp med daglege rutinar i forhold til personlege behov, bistand til personleg hygiene/stell, praktiske gjeremål i heimen, følgje til fysioterapi, lege og tannlege. Kvinna vil ha behov for oppfølging på fritidsaktivitetar i og utenfor heimen, og treng bistand og motivasjon til fysisk trening. Dei som vert tilsett må motivere og tilrettelegge for at brukar skal kunne halde fram med å utføre dei oppgåvene brukar meistrar, samt stimulere til innlæring av nye ferdigheiter. Dei tilsette må kunne delta i planlegging av dags- og vekeplanar, og avlaste brukar i ein travel kvardag med planlegging av ulike gjeremål. I arbeidet inngår å vere følgjeperson på treningsreiser, helgeturar og feriar.