Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Ecura BPA leiter etter ei fagleg trygg og omsorgsfull person som kan levere BPA-tenester til ei 56 år gammal dame i Førde. Stillinga er dagtid i 70-80% turnus, med oppstart snarast og arbeid kvar tredje helg.
Du vil jobbe med personleg stell, matlaging, husarbeid, handle og støtte med fysisk aktivitet, og vera ein påliteleg del av kvardagen hennar. Krav om norskkunnskap og politiattest vil bli lagt vekt på.
Vil du ha ein jobb der omsorg, tillit og menneskelege møte står i sentrum? Kanskje er dette stillinga du har vore på jakt etter?
Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein alternativ måte å organisere tenester innen praktisk og personleg bistand for menneske med nedsett funksjonsevne. BPA er eit likestillings- og frigjeringsverktøy som, gjennom hjelp frå eigne assistentar, legg til rette for at personar med behov for bistand kan leve eit aktivt og så sjølvstendig liv som mogleg.
Eg er ei 56år gammal dame som bur i Førde, og søkjer no etter ein trygg og omsorgsfull personleg assistent som kan bidra til at eg får ein god og føreseieleg kvardag.
Eg har ei utviklingshemmning og eit omfattande behov for assistense i dagleglivet. Som person er eg roleg, heimkjær og trivst best med faste rutinar i trygge omgjevnader. Difor er det viktig for meg å ha assistentar som er stabile, ansvarsfulle og som møter meg med respekt, tolemod og omsorg.
Vi har no ein ledig stilling på dagtid i 70-80 % stilling, med oppstart så snart som mogleg. Arbeidet inngår i turnusordning med arbeid kvar tredje helg.
Dette er ei meiningsfull stilling der du får moglegheita til å gjere ein viktig forskjell i kvardagen til eit anna menneske.
Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt, og livserfaring er ein fordel. Dersom du er «godt vaksen», ser vi på dette som noko positivt.
Ved å søkje på stillinga, samtykkjer du til at søknad og CV vert videreformidla til arbeidsleiar i ordninga.
Aktuelle kandidatar vert intervjua fortløpande.