Bli med og skap gode opplevingar på Voss

Hardanger og Voss Næringshage (Visit Voss)

Voss

On-site

NOK 248,000 - 344,000

Part time

44 hours ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Fredagskaffi
Lønningspils
Mulighet for utvikling i reiselivet

Job summary

Visit Voss søkjer ein serviceinnstilt medarbeidar som svarar på spørsmål frå reisande på fleire språk, hjelper kundane med planlegging, sel aktivitetar og små suvenirar, og som kan setje seg inn i kva Voss har å by på.

Du får moglegheiter til å lære eit bookingsystem, møte minnerike kundar frå heile verda og vere ein del av eit varmt og fleksibelt team med helge-, ferie- og sommarvakter.

Qualifications

  • God norsk og engelsk, og fleire språk er ein fordel.
  • Serviceinnstilt og god kommunikasjon med reisande.
  • Vant til å handtere spørsmål og løysa problem raskt.

Responsibilities

  • Svara på spørsmål frå reisande som kjem inn døra.
  • Sel aktivitetar og små suvenirar til kundane.
  • Hjelpa med planlegging av opphald og bruk av bookingsystem.
  • Setje seg inn i lokale tilbydarar og produkt

Skills

Norsk
Engelsk
Flerspråkig
Gjesteservice

Tools

Bookingsystem

Job description

Del på e-post Del på Facebook Del på X

  • Søknadsfrist 30.11.2026
  • Arbeidsspråk Norsk, Engelsk
Bli med og skap gode opplevingar på Voss

Bussen til Gudvangen går frå plattform B.

Det kjem du til å seia omtrent 15 gonger mellom klokka ni og ti. Du kjem òg til å forklara at Voss Water ikkje er frå Voss, og trøysta folk som har reist over halve jorda for å sjå utsikta og møter ein vegg av tåke over Vangsvatnet. Me kan diverre ikkje styra vêret.

Og likevel: Dette er ein av dei kjekkaste jobbane i bygda, meiner me.

Kva du faktisk gjer

Du svarar på alt som kjem inn døra i løpet av ein dag, på fleire språk. Du hjelper reisande frå heile verda med å planleggja opphaldet, sel aktivitetane til dei lokale tilbydarane, og sel litt suvenirar og varer. Me brukar ulike bookingsystem som du ikkje treng å kunna frå før, berre vera villig til å læra.

Du får sjølv oppleva alt Voss har å by på av aktivitetar, kultur og overnatting. Du må jo vita kva du sel.

Du møter folk du ikkje gløymer. Ein turist budde i telt ved Vangsvatnet ein heil månad midt på vinteren og var innom kvar einaste dag for å prata med oss.

Og så er det dei små tinga: fredagskaffi med noko godt kvar fredag, lønningspils, Rosa sløyfe-løpet og ein dartrunde eller to i arbeidskvardagen.

Det ærlege

På grunn av plasseringa vår, får me spørsmål om absolutt alt. Toget som er forsinka, buss for tog, skikortet som ikkje verkar, prisane i Voss Resort og mobilen som vart gløymd att på bussen frå Odda. Lite av det er vårt ansvar, men det er du som står i skranken når spørsmålet kjem.

Som ringevikar jobbar du typisk i helgar, feriar og når nokon er sjuke. Alle ledige vakter blir lyste ut, men dei faste tilsette har førsterett. Det betyr at du ikkje får eit fast tal timar, og at telefonen kan ringja på kort varsel. Sommaren er framleis den travlaste tida, så du kan venta litt fleire timar då og litt færre om vinteren. Passar det livet ditt, er dette ein fin måte å bli kjend med reiselivet på Voss, ein av dei viktigaste næringane i heradet.

Me trur du passer om du
  • snakkar språk: godt norsk og engelsk er eit krav, og flere språk er eit stort pluss
  • kjenner godt til Voss, eller har lyst til å bli kjend
  • likar folk, til og med når dei spør om det same for fjortande gong
  • likar å utfordra deg sjølv

Søknadsfrist: 30. november, men me vurderer søknader fortløpande, så ikkje vent

Gjennom våre ulike fagmiljø - innan næringsutvikling, reiseliv og sentrumsutvikling - jobbar me målretta for å styrkja både bygdeliv, handelsliv og opplevingar som skaper aktivitet og ringverknader lokalt og regionalt. Visit Voss og Voss Sentrum er sentrale delar av organisasjonen vår, og ein viktig del av dette arbeidet.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Nye Nyhagen
Nye Nyhagen

Voss herad Nyhagen • Voss

On-site
NOK 480,000 - 540,000
Rekrutteringstillegg på kr 16 000 for
Pensjonsordningar
Yrkes-skade- og gruppelivsforsikring
+2
100% stilling i Kommunalavdeling samfunnsutvikling og kultur
100% stilling i Kommunalavdeling samfunnsutvikling og kultur

Voss herad • Vossavangen

On-site
NOK 650,000 - 950,000
Nyhagen
Nyhagen

Voss herad Nyhagen • Voss

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Gode pensjonsordningar
Rekrutteringstillegg 16 000 kr
Udlabu
Udlabu

DeepOcean • Voss

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Gode pensjonsordningar
Hagahaugen rehabilitering søkjer sjukepleiar
Hagahaugen rehabilitering søkjer sjukepleiar

Voss herad Rehabiliteringsavdeling, Hagahaugen • Vossavangen

On-site
NOK 540,000 - 640,000
Rekrutteringstillegg kr 30.000
Forsikrings- og pensjonsavtale
Lønn og vilkår etter tariff
+1
Ynskjer du ei sentral rolle i utviklinga av levekåra for barn og unge på Voss?
Ynskjer du ei sentral rolle i utviklinga av levekåra for barn og unge på Voss?

Voss herad Rådmann si leiargruppe • Vossavangen

On-site
NOK 1,500,000 - 2,000,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fast stilling som kontaktperson i Voss barnevernteneste
Fast stilling som kontaktperson i Voss barnevernteneste

Voss herad Barneverntenesta • Voss

On-site
NOK 450,000 - 600,000
Fagutvikling
Tverrfaglig miljø
Dyktige kollegaer
+2
Nattevakt 50%
Nattevakt 50%

Voss herad Voss sjukeheim langtidsavdelinga • Vossavangen

On-site
NOK 250,000 - 320,000
Fagleg utvikling
Samarbeidsmiljø
Forsikrings- og pensjonsordningar
+1
Reiselivsresepsjonist: Skap minneverdige opplevingar på Voss
Reiselivsresepsjonist: Skap minneverdige opplevingar på Voss

Hardanger og Voss Næringshage (Visit Voss) • Voss

On-site
NOK 248,000 - 344,000
Fredagskaffi
Lønningspils
Mulighet for utvikling i reiselivet
Bygg og eigedom, avdeling Park og Idrott søkjer landsbruksmekanikar
Bygg og eigedom, avdeling Park og Idrott søkjer landsbruksmekanikar

Voss herad Park og idrott • Vossavangen

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Gode vilkår for fagleg utvikling
Sosialt tverrfagleg miljø
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
+1
Top locations