Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Laboratoriet i Odda ved Helse Fonna HF søker etter ein bioingeniør som er tett på drift og pasientbehandling i eit lite, samansveisa miljø. Les om flyttingstilbod og skattefritak og ta kontakt for ein uformell prat.
Du må ha Norsk autorisasjon som bioingeniør og gode norskkunnskapar. Arbeidsstaden ligg i Odda med moglegheit for turnus, vakt og interessante arbeidsoppgåver.
Vil du jobbe som bioingeniør – og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra?
Som bioingeniør ved Laboratoriet i Odda er du tett på drift og pasientbehandling – i eit lite og samansveisa miljø der du faktisk får påverke kvardagen.
Er du3.-årsstudent?Då kan du få 50 000 kr dersom du bind deg i 2 år:https://shortlink.uk/1rGZ1
Odda byr på trolltunga, brevandring, kajakk, sykling, fruktgardar – og gode moglegheiter for ski og topptur når sesongen er inne. Perfekt for deg som vil bruke fritida like aktivt som du bruker faget ditt. Les meir om kva Odda har å by på:https://shortlink.uk/1rGZk
Vurderer du å flytte – men vil vere trygg på at overgangen blir enkel? I Odda hjelper vi deg i gang medflyttepakke (inntil 20 000 kr) og husleige dekka dei første 6 månadene (inntil 60 000 kr).Du kan òg ha rett på sletting av studiegjeld.
Vi gler oss til å høyre fra deg! Har du spørsmål, eller önsker du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag.
Hos oss er det viktig at du:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Randi Djønne,Funksjonsleiar,+47 53651123,randi.djonne@helse-fonna.no
Sjukehusvegen 10
5750ODDA
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5179352038
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.