Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sunnmørsheimen ungdomsheim, avdeling Nygardsvegen, har ledig ei 100% fast stilling som miljøterapeut. Stillinga går i todelt turnus med dagvakter og kveldsvakter i veka, og langvakter på inntil 12,5 timer kvar 4. helg.
Interne omrokkeringar kan gi fleire kandidatar via same utlysing. Ei anna stillingsstorleik kan vere 83–100 % knytt til Nygardsvegen eller Klatrevegen. Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog og 1508
Ved Sunnmørsheimen ungdomsheim, avdeling Nygardsvegen er det no ledig ei 100% fast stilling som miljøterapeut. Stillinga går i todelt turnus med dagvakter og kveldsvakter i veka, og langvakter på inntil 12,5 timer kvar 4. helg. Som følgje av interne omrokkeringar og endringar i bemanningsbehovet kan det bli aktuelt å tilsetje fleire kandidatar gjennom same utlysing. Eventuelle ytterlegare stillingar kan ha ein stillingsstorleik på mellom 83 og 100 % og vere knytte til avdeling Nygardsvegen eller Klatrevegen.

Vi er ein spennande, utviklande og dynamisk arbeidsplass med dyktige og dedikerte fagfolk. Saman arbeidar vi for å skape dei beste rammene for ungdomar i ein vanskeleg livssituasjon gjennom risikoredusering, endring og utvikling. Har du eit sterkt hovud og eit varmt hjarte? Då er kanskje du den vi leitar etter!
Sunnmørsheimen er eit tiltak under Bufetat, plassert i Volda kommune i Møre og Romsdal. Vi har per i dag 2 avdelingar, avdeling Klatrevegen som er ei akuttavdeling, og avdeling Nygardsvegen som er ei behandlingsavdeling. Vi har ungdomar i aldersgruppa 12-18 år. Ungdomane er plassert etter barnevernsloven
Instistusjonen har særskilte ansvarsområde som dekker skule, helse, familie, nettverk, tryggleik og sikkerheit. Dette er ansvarsområde som kan verte tillagt stillinga.
På Sunnmørsheimen ser vi etter nye kollegaer med eit stort hjarte for ungdomane våre, ei sterk evne til å vise kjærleik og eit varmt blikk. Vi arbeidar med ei sårbar gruppe, noko som krev at du kan halde ut over tid når andre har det vanskeleg. Det er viktig at du har ei god fysisk og psykisk helse, då arbeidet med målgruppa er krevjande.
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.