A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Byrknes barnehage og skule i Gulen kommune lyser ut eit inntil 100% vikariat som barnehagelærar frå midten av desember 2026 til april 2027, med mogeleg forlenging. Stillinga krev fagleg god kompetanse og eit stort hjarte for barn, og at du møter trygge og kompetente vaksne i barnehagen.
Arbeidsoppgåver inkluderer planlegging, implementering, dokumentasjon og evaluering av pedagogisk arbeid i samsvar med rammeplan og kommunale mål, leiing av avdelinga, samarbeid med føresette og kollegaer, samt
Stillingstittel Byrknes barnehage og skule. Tilsetjing i inntil 100% vikariat barnehagelærar frå 18.12.26-29.04.27
Det er ledig i inntil 100% vikariat som barnehagelærar, for tida ved eining Byrknes barnehage og skule, frå rundt midten av desember og ut april 2027. Det kan verte aktuelt med noko forlenging av vikariatet.
Gulen kommune søkjer ein engasjert barnehagelærar med fagleg god kompetanse og eit stort hjarte for barn. Me legg vekt på at barn skal møte trygge og kompetente vaksne som gir barna ein god start på vegen vidare i livet. Ynskjer du å gi barn i barnehagen opplevingar, erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar, då må du søke stilling hjå oss.
Følg link for meir informasjon om barnehagen: Byrknes barnehage - Gulen kommune
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling
Avdelingsleiar barnehage ved eining Byrknes barnehage og skule
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2317 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.