Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Klepp kommune, Borsheim barnehage, søker barne-og ungdomsarbeidar i 100% vikariat frå 01.11.2026 til 13.08.2027. Stillinga krev fagbrev, relevant erfaring kan vurderast, og god norskkunnskap i tale og skrift. Gode digitale kunnskapar og politiattest er krav før tilsetjing.
Barnehagen ligg i Klepp, med nærleik til sjø, skog og strand, og tilbyr eit trygt, inkluderande læringsmiljø. Intervjuprosessen vert halde fortløpande.
I Borsheim barnehage har me ledig 100 % vikariat som barne-og ungdomsarbeider stilling frå 01.11.2026 til - 13.08.2027 (Fleksibel oppstartsdato, moglegheit for forlenging). Ved mangel på kvalifiserte søkarar kan personar med ynskje om å ta fagbrev eller med erfaring som assistent frå arbeid i barnehage bli vurdert.
Borsheim barnehage har 4 avdelingar og ligg midt i det beste Klepp kommune har å by på. Her er det kort veg til sjø og strand, skog og vatn og eit rikt dyreliv. Den unike beliggenheten nyttar me som ein naturleg plass for leik, læring og utvikling.
Me har eit godt fagleg miljø med fokus på vidare utvikling. Gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling sikrar me at me er ein lærande organisasjon og at heile personalgruppa deltek i felles utviklingsprosessar. Mer er sertifisert Marte Meo barnehage og har fleire Marte Meo praktikarar og ei som er Marte Meo terapeut i barnehagen. Marte Meo er ein utviklingsstøttande metodikk som blir brukt i rettleiing av personale for å auka relasjonskompetansen og kvaliteten på samspelet med barna.
Me har eit stort fokus på trygt og inkluderande barnehagemiljø med autoritative vaksne. Tidleg innsats med Kleppmodellen som verktøy, ASK og eit godt språkmiljø, livsglede og psykisk helsefremmande leikemiljø er noko av det me arbeider med i Borsheim barnehage.
Me er no på jakt etter deg som kan bidra til at barna i Borsheim barnehage får ein trygg, utforskande og innhaldsrik kvardag.
Intervjuprosessen vil foregå fortløpande.
Karen Norstein Danielsen,Styrar,+47 40488031
Nordsjøvegen 230
4352Kleppe
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5185764011
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.11.2026
Sluttdato: 13.08.2027
Søknadsfrist: 09.10.2026
Hundvågbarnehagene (5), Stavanger kommune