Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Engelsvoll skule i Klepp kommune utlyser eit vikariat i barne- og ungdomsarbeidarfaget for skuleåret 26/27. Stillinga startar 01.11.26 og er delt mellom skule og SFO, 100% stilling.
Vi søker ein engasjert, tydeleg og omsorgsfull vaksen med gode kommunikasjonsevner, som kan bidra til eit inkluderande læringsmiljø og samarbeid i miljøteamet.
Engelsvoll skule har ledig eit vikariat innan barne - og ungdomsarbeidarfaget ut skuleåret 26/27. Stillinga er ledig frå 01.11.26. Stillinga er delt mellom skule og SFO.
Vi søker deg som er ein engasjert, tydeleg og omsorgsfull vaksen. Du har solid relasjonskompetanse, er inkluderandre og robust i møte med elevane, og trivst med arbeid i eit profesjonelt læringsfellesskap.
"Kjernekomponentane våre mot 2028 er \"den engasjerte eleven\", utvikling av \"det profesjonelle læringsfelleskapet\" og \"digitalisering\". Vi tar del i Kleppskulen sitt satsingsområde Oracy, utviklar vårt eige skaparverkstad (maker space), tilbyr elevane våre ein hjernevennleg skulekvardag med leik og læring, og brukar Lesson study som metode.
Engelsvoll skule er sentralt plassert nær togstasjonen Klepp stasjon. Det er ca. 10 minutt å gå frå togstasjonen opp til skulen. Skulen vår ligg nær Frøyandsvatnet med flotte natur- og aktivtetsområder, som skulen nyttar i ein aktiv og variert skulekvardag.
Dette skuleåret har vi 160 elevar og 26 tilsette; lærarar, barne- og ungdomsarbeidarar, miljørettleiare og skuleleiing (rektor og to avdelingsleiarar). I tillegg har vi skulekonsulent, byggdriftar og helsesjukepleiar. Det er høg trivsel, solid og variert kompetanse blant dei tilsette, og vi håper at du vil vera med å bidra til det beste for elevar og kollegaer.
Lise Følgesvold Pedersen,Rektor,+47 45036415
Liv Marit Wulvig Steen,SFO-leiar,+47 45260724, liv.marit.wulvig.steen@klepp.kommune.no
Engelsvollvegen 91
4353Klepp Stasjon
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5187218884
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 11.10.2026
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit.Søkar vil verta varsla før offentleggjering.