Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Julsundet skole i Aukraskommunen søkjer ein 100% fast barne- og ungdomsarbeidar. Vi legg vekt på å støtte elevane i skulekvardagen og i SFO, og arbeide saman for at alle skal utvikle seg sosialt og fagleg.
Vi tilbyr eit inkluderande lag og eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Tilsetjing skjer snarast og vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar.
Likar du å leggje til rette for leik, aktivitet og læring, og ønskjer du å bidra til at elevar utviklar seg både sosialt og fagleg?
Ved Julsundet skole, som ligg på fastlandet berre eit kvarters køyretur frå Molde, har vi no ledig ei 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar.
På Julsundet skole er vi opptekne av å byggje eit sterkt lag rundt elevane. Vi har tru på utvikling gjennom samarbeid og samhandling, der ulike yrkesgrupper bidreg med sin kompetanse og arbeider saman for elevane sitt beste.
Aukraskolane har eit brennande hjarte for elevane. Saman skal vi leggje til rette for læring for alle og stimulere den enkelte sin motivasjon, lærelyst og tru på eiga meistring. Vi arbeider for eit inkluderande fellesskap og eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring for alle.
Tilsetjing så snart som mogeleg.
Det vert stilt krav om politiattest.
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 måneder.
Om du ønskar å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngi dette i søknaden.
Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Jf. offentleglova