Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Dovre svømmehall på Dombås søker badevakt/badebetjent til fast stilling i 13,28% stilling. Svømmehallen er open mellom 1. september og 1. mai og følger vedtekne opningstider.
Arbeidsoppgåvene omfattar tilsyn med badegjester, bidrag til trygg og forsvarleg drift, opning og stenging etter rutinene, enkle reinhalds- og vedlikehaldsoppgåver samt handtering av situasjonar som krev førstehjelp eller livredning. Nødvendig opplæring blir gjeve.
Ved Dovre svømmehall er det frå snarast ledig 13,28 % fast stilling som badevakt/badebetjent.
Dovre svømmehall ligg på Dombås, samlokalisert med Dovre ungdomsskule, og er ein viktig møteplass for fysisk aktivitet, trivsel og folkehelse i lokalsamfunnet. Svømmehallen er open i perioden 1. september til 1. mai, og stillinga følgjer dei vedtekne opningstidene:
tysdag og torsdag kl. 18.00-21.00
ein laurdag per månad
ein dag i haustferien
ein dag i juleferien
ein dag i vinterferien
ein dag i påskeferien
Det er politisk vedteke drift av svømmehallen for 2026. Organisering og omfang av stillinga kan derfor bli endra frå 01.01.2027.
tilsyn med badegjester under opningstid
bidra til trygg og forsvarleg drift av svømmehallen
opning og stenging av anlegget etter gjeldande rutinar
enkle reinhalds- og vedlikehaldsoppgåver
handtering av situasjonar som krev førstehjelp eller livredning
gode svømmeferdigheiter
fylt 18 år
gode kommunikasjonsevner overfor barn, ungdom og vaksne
Personleg eignaheit blir vektlagt.
Nødvendig opplæring vil bli gjeve. Du må bestå livredningsprøve kvart år, og dette inngår som ein del av opplæringa.
Vi tilbyr deg eit spennande og samfunnsnyttig arbeidsområde, løn etter tariff og pensjonsordning i KLP. For øvrig gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.
Nærare opplysningar får du ved å kontakte rektor Sissel Øwre på tlf. 959 25 839 eller e-post: sissel.owre@dovre.kommune.no
Kopiar av vitnemål og attestar ber vi om at du tek med til eit eventuelt intervju.
Vi gjer merksam på at namn på søkjar kan bli offentleggjort sjølv om det blir bedt om unntak frå dette, jf. offentleglova § 25. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand.
Dovre kommune er ei fjellbygd med nokre av Noregs mest spektakulære nasjonalparkar innanfor kommunegrensa. Her finn du frisk fjelluft, trivelege folk og store naturopplevingar rett utenfor døra. Sjølv om vi ligg høgt til fjells, er vi sentralt plasserte. Herifrå kan du reise klimasmart med Dovrebanen til både Oslo og Trondheim, og med Raumabanen til Åndalsnes.
Ynskjer du deg eit rikt liv i eit engasjert og trygt lokalsamfunn, vil vi ta godt imot deg.