A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Ytre Arna skole i Bergen søker ny avdelingsleiar for SFO. Du blir ein del av leiarteamet og har administrativt og fagleg ansvar for kvaliteten i SFO, og samarbeidar tett med rektor og resten av leiargruppa.
Vi ser etter ein pedagog med leiarerfaring, god norsk og engelsk, og du må vere engasjert i utviklingsarbeid, relasjonar og trygt samarbeid med elevar, tilsette og føresette. Lønn etter avtaleverk og gode velferdsordningar.
Team YA treng ny avdelingsleiar for SFO! Er du ein pedagog og leiar som er glad i menneske, ein variert kvardag og fagleg utvikling, kan du vere den vi ser etter!
Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel, og er kun ein kort køyretur unna både Åsane senter og Øyrane torg. Vi har om lag 40 tilsette og 210 elevar, og vi har velkomstklasse for nykomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane. Vi er base for morsmålslærarar, og både tilsette og elevar på YA har eit mangfald av ressursar.
Vår nye avdelingsleiar vil få leie ei svært kompetent og utviklingsorientert personalgruppe. Vi tar kvalitet og utviklingsarbeid på SFO på alvor, og skulen sin visjon «Trygghet, trivsel og læring» gjeld både skule og SFO. På Ytre Arna SFO blir barna møtt av trygge vaksne, som legg til rette for variert leik og aktivitet på barna sine premissar. Avdelingsleiar for SFO har administrativt og fagleg ansvar for kvaliteten, og er ein del av grunnbemanninga kvar ettermiddag.
Hos oss blir du ein del av skulen sitt leiarteam saman med rektor, avdelingsleiar for småtrinn, avdelingsleiar for mellomtrinn og konsulent. På Ytre Arna står det samla profesjonsfellesskapet for skule og SFO sterkt. Skulen har nynorsk og bokmål som opplæringsmål.
Skal du arbeide hos oss må du sjå verdien av å bruke mykje av tida di der elevar og tilsette på avdelinga di er, og du må vere fagleg engasjert og sette pris på ein variert kvardag.
Vi er opptekne av å rekruttere medarbeidarar som vil passe inn i vårt verdigrunnlag og vår kontekst, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar.