An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Herøy vidaregåande skule i Fugro-området søker avdelingsleiar som skal leda programområda Maritime fag og Fiske og fangst. Stillinga inneber personalansvar og ansvar for HMS og kvalitetsarbeid ved skulen.
Den som vert tilsett må vere motivert for utviklingsarbeid, kunne skule sin pedagogiske plattform og bidra til eit trygt og utviklande læringsmiljø for elevane.
Herøy vidaregåande skule har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 1. jaunuar 2027 når ein av våre medarbeidarar går av med pensjon. Avdelingsleiaren vil få ansvar for programområda Martime fag, Naturbruk og Fiske og Fangst. Andre oppgåver som er lagt til stillinga er KS-ansvarlig og å vere koordinator for skulen sitt systematiske HMS-arbeid.
Som avdelingsleiar inngår du i rektor si leiargruppe. Du vil ha personalansvar for avdelinga sine medarbeidarar og vere ansvarleg for avdelinga si faglege utvikling. Du har ein åpen, inkluderande og samarbeidande leiarstil, er oppteken av å skape godt læringsmiljø og gode læringsresultat for skolen sine elevar, og du kan stille deg bak skolen si pedagogiske plattform. Den som blir tilsett må vere motivert for utviklingsarbeid og vere budd på endringar, både i egen portefølge og organisatorisk.
Herøy vidaregåande skule er ein tradisjonsrik yrkesfagleg skule som utdannar yrkesutøvarar for regionen og nærmiljøet. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen for at elevane skal oppleve å lukkast i utdanninga. Vi er rundt 250 elevar og eit 60-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:
Bygg- og anleggsteknikk
Helse- og oppvekstfag
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Teknologi- og industrifag
Herøy vgs er også privatistskule for Søre Sunnmøre.
Skulen sin storleik gjer at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.
Vi søkjer deg som:
Den vi søkjer har:
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Tore Tangen,Rektor,+47 95933931
Lisjebøvegen 4
6091Fosnavåg
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5165604445
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026