Une candidature complète en une minute
Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.
Volda kommune søkjer engasjert sjukepleiar til ei fast 80% stilling ved vår aktive korttidsavdeling i Barstadmarka 2, 6102 Volda.
Du vil arbeide i eit tverrfagleg miljø med fokus på pleie, medisinskoppfølging og dokumentasjon, og du blir tatt del i utøving av omsorgsoppgåver.
Vi tilbyr utviklingsmoglegheiter, gode pensjonsordningar og eit inkluderande arbeidsmiljø, med 2-delt turnus og helgestilling.
Volda Omsorgssenter søkjer ein engasjert og initiativrik sjukepleiar til ei fast 80 % stilling ved vår aktive og tverrfaglege korttidsavdeling.
Her får du høve til å arbeide med ulike typar pasientar – i eit miljø der fagleg samarbeid og menneskeleg nærleik står i sentrum.
Korttidsseksjonen tilbyr: Ordinær korttidsopphald. Øyeblikkeleg hjelp-funksjon innen somatikk og psykiatri
Tett samarbeid med fysio-/ergoterapeutar, lege, HBO, sjukehus og forvaltningskontor
Vi jobbar miljøretta – du som sjukepleiar er det viktigaste verktøyet i møte med pasienten. Her får du bidra til ein meiningsfylt kvardag for både pasientar og pårørande.
Stillinga har 2 delt turnus med arbeid kvar 3. helg . Planar om årsturnus , langvakter og etablering av sjukepleieteam
Vi har eit ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring.
Vi ser etter deg som er :
Personleg eignaheit vert vektlagt. Nyutdanna er også velkomne til å søke!
Er fagleg engasjert og trygg i møte med krevjande situasjonar
Tek initiativ og ansvar
Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre.
Ønskjer å bidra til utvikling og dele kompetanse med kollegaer
Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Vi gjer ei heilskapeleg vurdering av søkjerar og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referanse vert nytta.
Norunn Glomnes,Seksjonsleiar Kaptein/Klokkarstova,90949073,norunn.glomnes@volda.kommune.no
Ann-Sølvi Heltne,avdelingsleiar Institusjon,91144863,ann-solvi.heltne@volda.kommune.no
Barstadmarka 2
6102Volda
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5194605146
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2026