A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Sævareid Bruk AS søkjer ein automasjonsteknikar/elektrikar som vil vere ein sentral del av drift, vedlikehald og vidareutvikling av eit moderne settefiskanlegg i Vestland. Du får ei variert kvardag med tett oppfølging av prosess, produksjon og teknologi.
Arbeidet omfattar drift, vedlikehald og feilsøking på automasjonsanlegg, instrumentering og styringssystem, samt deltaking i prosjekt for å utvikle og oppgradere tekniske løysingar.
Som automatikar på Sævareid Bruk AS blir du ein viktig del i eit moderne settefiskanlegg. Du får ein variert arbeidskvardag der du er tett på både prosess, produksjon og teknologi, med eit bredt spekter av oppgåver innen automasjon og elektro. Du vil ha ei sentral rolle i drift, vedlikehald og vidare utvikling av anlegget.
Drift, vedlikehald og feilsøking på automasjonsanlegg, instrumentering og styringssystem
Bidra i prosjekter for forbetring, oppgradering og utvikling av nye tekniske løysingar
Fagbrev som automatikar eller elektrikar med erfaring frå automasjon
Erfaring frå drift og vedlikehald, gjerne frå prosess og/eller frå sjømatnæringa
Kjennskap til ulike styringssystem og programmering er ein fordel
Arbeider systematisk og strukturert, planlegg godt, og gjer tydelege prioriteringar
Er fagleg dyktig og ønskjer å utvikle deg vidare
Samarbeider godt, og deler kunnskap og erfaringar med andre
Me tilbyr ei spennande moglegheit i ein framtidsretta konsern i vekst. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, moderne fasilitetar og gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. I tillegg tilbyr me konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår.
Sævareid Bruk er ein smoltprodusent i Bjørnafjorden kommune i Vestland, og er ein del av Alsaker konsernet. Selskapet vart etablert i 1978. Produksjonen skjer ved bruk av både gjennomstrøymings- og resirkuleringsteknologi, og selskapet har i dag 23 tilsette.
Både selskapet og konsernet legg stor vekt på utvikling og innovasjon, og det vert investert betydelege midlar i moderne teknologi, utstyr og system for å sikra ei framtidsretta utvikling av verksemda. I Sævareid held ein no på med ei større utbygging som dei komande åra vil leggja til rette for auka smoltproduksjon.