Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Kreft poliklinikken ved Helse Bergen søkjer assisterande seksjonsleiar i 100% vikariat frå snarast og til august 2027, med moglegheit for forlenging. Stillinga vert delt med 60% administrativ leiing og 40% drift, i tett samarbeid med konstituert seksjonsleiing og fagsjukepleiar.
Det ligg vekt på eit heilskapleg og tverrfagleg tilnærming til pasientar og pårørande, med eit sterkt fokus på kompetanseutvikling og opplæring av nytilsette.
Kreftklinikken har ein regionsfunksjon og landsfunksjon innanfor medikamentell kreftbehandling. I kreft poliklinikken gir vi behandling i kurativ og palliativ intensjon, som for eksempel cytostatika og immunterapi. Vi utfører i tillegg sjukepleiekonsultasjonar og ulike prosedyrar, samt følger opp symptom og biverknader knytta til sjukdom og behandling.
Kreft poliklinikk er ein stor seksjon med nær 75 tilsette. Personalet er organisert i 6 diagnoseteam for å ivareta pasienten på best mogleg måte.
Vi fokuserer på ein heilskapleg og tverrfagleg tilnærming ovanfor pasientar og pårørande, for betre å kunne ivareta kontinuitet i pasientbehandlinga.
Kreft poliklinikken søker etter assisterande seksjonsleiar til 100% vikariat frå snarast og til august 2027, med moglegheit for forlenging. Stillinga vil vere delt, der 60% vil vere assisterande seksjonsleiar og 40% vil vere i drift.
Kreft poliklinikken har ein konstituert seksjonsleiar og to assisterande seksjonsleiarar, fordelt på 60% og 80% stilling. I tillegg har vi fagsjukepleiar i 60% stilling. Vi har tett samarbeid om fagutvikling og drift av seksjonen.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.