Assistent i barnehage

Læringsverkstedet Sæ barnehage AS

Norway

On-site

NOK 380,000 - 450,000

Full time

32 hours ago
Be an early applicant
Application generator

Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Pensjonsordning
Forsikringer
Tariffavtale (PBL)
Kurs og fagopplæring

Job summary

Læringsverkstedet Sæ barnehage søker fagarbeidar/assistent i vikariat ved Ås-området, med 100 prosent stilling og oppstart 15.12.2026. Barnehagen held til i eit område med natur og nærområde, og fokuserer på tryggleik, meistring og utvikling for barna.

Du vil vere ein aktiv vaksen i kvardagen, byggje sterke relasjonar, og delta i det pedagogiske arbeidet med leiken, viser omsorg og samarbeid. Kandidatar med erfaring og norskkunnskapar vert særleg verdsett.

Qualifications

  • Erfaring frå arbeid med menneske og/eller frå liknande stilling.
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner.
  • Evne og vilje til å vere ein aktiv vaksen saman med barna og setje i verk nødvendige tryggingstiltak.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Politiattest må leggjast fram før oppstart, men skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Responsibilities

  • Du bidreg til at barnehagen blir driven i samsvar med Læringsverkstedet si verdiplattform og kvalitetsstandard.
  • Du skaper gode, varme og trygge relasjonar til barna og legg til rette for medverknad.
  • Du møter barna, foreldra og kollegaene med positive innstillingar, engasjement og pågangsmot.
  • Du tek del i omsorga og det pedagogiske arbeidet gjennom samlingsstunder, aktivitetar, frileik og gode rutinesituasjonar.
  • Du er ein aktiv vaksen som vågar å vere med i leiken, undringa og dei små og store opplevingane i kvardagen.
  • Du bidreg til eit godt samarbeid med foreldre og føresette.
  • Du held deg fagleg oppdatert og deltek på kurs og fagopplæring.

Skills

Relasjonsorientert
Gode kommunikasjonsferdigheter
Engasjert voksen
Fleksibel
Samarbeidsvillig

Job description

Bli med og få verdas viktigaste verdiar til å vekse!

Vil du vere med og gjere ein forskjell i livet til barna – kvar einaste dag? Læringsverkstedet Sæ barnehage søkjer fagarbeidar/assistent i vikariat i 100 % stilling med oppstart 15.12.2026

Vil du vere med på å få kvart einaste barn til å kjenne seg verdifull?

Trivst du i eit team fylt med engasjement, samarbeid og leikne kvardagar? Har du eit stort hjarte for barn og ønskjer å vere ein trygg og aktiv vaksen i kvardagen deira? Då kan du vere den vi ser etter!

I Læringsverkstedet jobbar me kvar dag for å få barna til å vekse – i kunnskap og meistring, i tryggleik og empati. Me ynskjer å skape ein barnehagekvardag der kvart enkelt barn blir sett, høyrt og får høve til å utvikle seg, oppleve meistring og kjenne seg verdifullt.

Me får verdas viktigaste verdiar til å vekse!

Om oss

Læringsverkstedet Sæ barnehage har 100-110 barn og 25-30 tilsette, fordelte på sju avdelingar.

Naturen og nærmiljøet ser vi på som ein verdifull ressurs som vi nyttar aktivt i barnehagekvardagen. Barnehagen ligg på Ås, i nærleiken av Leirvik sentrum. Her har vi kort veg til byliv, kulturhus, ei aktiv hamn og kai og alt det spennande som skjer i eit levande sentrum.

Samtidig har vi flotte turområde like utanfor porten. Åsskogen og skogen ved museumsparken er populære turmål, særleg for dei yngste barna. VMe er også heldige som får disponere den gamle korttidsbarnehagen som ligg på museumsområdet.

Dei eldste barna har tilgang til to minibussar som er i dagleg bruk. Minibussane gir oss gode moglegheiter til å utforske område også udenfor nærmiljøet. Turmåla kan vere på Stord, Sagvåg, Litlabø, Fitjar, Bømlo og Sveio. Vi kjem oss både til fjells, til skogs og til stranda.

Turane blir tilpassa alderen til barna, tema og prosjekt, vêret og årstida. Hos oss skal naturen vere ein stad for leik, undring, meistring og gode opplevingar saman.

Er du den me leitar etter?

Som fagarbeidar/assistent hos oss

Som fagarbeidar/assistent vil du vere ein viktig del av kvardagen i barnehagen. Du deltek aktivt og lojalt i dei daglege gjeremåla og dei pedagogiske opplegga, i tråd med verdiplattforma, måla og planane våre.

Korleis ser arbeidskvardagen ut?
  • Du bidreg til at barnehagen blir driven i samsvar med Læringsverkstedet si verdiplattform og kvalitetsstandard.
  • Du skaper gode, varme og trygge relasjonar til barna. Du lyttar, er til stades og legg til rette for medverknad, slik at barna får utvikle ferdigheitene sine, tru på seg sjølve og oppleve meistring og livsglede.
  • Du møter barna, foreldra og kollegaene dine med ei positiv innstilling, engasjement og pågangsmot.
  • Du tek del i omsorga og det pedagogiske arbeidet gjennom mellom anna samlingsstunder, aktivitetar, frileik og gode rutinesituasjonar.
  • Du er ein aktiv vaksen som vågar å vere med i leiken, undringa og dei små og store opplevingane i kvardagen.
  • Du bidreg til eit godt, ope og tillitsfullt samarbeid med foreldre og føresette.
  • Du held deg fagleg oppdatert og deltek på kurs og fagopplæring, mellom anna gjennom Læringsverkstedet Akademiet.
Kven trur vi passer i rolla?

Me ser etter deg som er relasjonsorientert og som ser kvart enkelt barn. Du lyttar til det barna ønskjer å formidle, tek dei på alvor og møter dei med varme, omsorg og respekt. Du har faglege ambisjonar og eit stort hjarte for arbeidet med barn. Du skaper engasjement rundt deg og ønskjer å vere ein aktiv del av leiken, læringa og utviklinga til barna. Du er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig. Samtidig kan du arbeide sjølvstendig, ta ansvar og sjå kva som trengst i ein travel og innhaldsrik barnehagekvardag. Du kommuniserer godt og møter menneske med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar på ein open og respektfull måte. Me ynskjer oss ein fagarbeidar/assistent som er ein god, varm og omsorgsfull vaksenperson. Leiken og ambisiøs, raus og tydeleg er viktige stikkord for personalet vårt. Det er også viktig at du kjenner deg igjen i verdiane til Læringsverkstedet og ønskjer å bidra positivt til fellesskapet.

Kvalifikasjonar
  • Erfaring frå arbeid med menneske og/eller frå liknande stilling.
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner.
  • Evne og vilje til å vere ein aktiv vaksen saman med barna og setje i verk nødvendige tryggingstiltak.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Politiattest må leggjast fram før oppstart, men skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Kvifor jobbe hos oss?

Hos oss får du jobbe saman med engasjerte og dyktige kollegaer i eit stort og inspirerande fagmiljø. Vi har eit attraktivt pedagogisk konsept og ein innhaldsrik ressursbank med mykje pedagogisk materiell som kan gi inspirasjon til leik, læring og gode opplevingar saman med barna.

Me ynskjer at dei tilsette våre skal få utvikle seg og halde seg fagleg oppdaterte. Derfor tilbyr me kurs og fagleg opplæring, mellom anna gjennom Læringsverkstedet Akademiet.

Me har gode pensjons- og forsikringsordningar, i tillegg til tariffavtale gjennom PBL.

I Læringsverkstedet jobbar me for å få barna til å vekse – i kunnskap og meistring, i tryggleik og empati. Me ynskjer medarbeidarar som vil bidra og gi av seg sjølve, som lyttar til andre, deler erfaringar og er med på å styrkje dei felles ambisjonane våre.

Me ynskjer å vere i utvikling, og viljen til stadig å bli betre – både fagleg og menneskeleg – er ein viktig del av det å jobbe i Læringsverkstedet. Saman lærer me av kvarandre, deler kunnskap og skaper gode kvardagar der barna får kjenne seg trygge, verdifulle og sett.

Læringsverkstedet er ein av Noregs største private barnehageeigarar, med 250 barnehagar og 7000 tilsette. Verksemda er eigd og driven av pedagogar. Som tilsett blir du ein del av eit stort fagleg nettverk, med gode moglegheiter for læring, utvikling og fagleg fellesskap.

Løftet vårt til alle tilsette er:
«Hos oss har du alle moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og menneskeleg, og gjere verdas viktigaste jobb på best mogleg måte.»

Me får verdas viktigaste verdiar til å vekse!

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Fagarbeidar/assistent
Fagarbeidar/assistent

Laringsverkstedet • Ås

Remote
NOK 420,000 - 520,000
Pensjonsordning
Forsikringer
Tariffavtale gjennom PBL
Barnehagelærer
Barnehagelærer

Læringsverkstedet Sæ barnehage AS • Norway

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Barnehagelærar
Barnehagelærar

Laringsverkstedet • Ås

Remote
NOK 480,000 - 560,000
Pensjons- og forsikringsordningar
Tariffavtale gjennom PBL
Assistent/fagarbeider til gårdsbarnehage-svangerskapsvikariat
Assistent/fagarbeider til gårdsbarnehage-svangerskapsvikariat

Siri-Kristine Bakken • Ørland

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Leken og natur-glad medarbeider søkes
Leken og natur-glad medarbeider søkes

Arbeidsplassen • Nordagutu

On-site
NOK 320,000 - 380,000
Tariffavtale gjennom PBL
Har du hjarta for barn og trivest ute i naturen? Sjå her!
Har du hjarta for barn og trivest ute i naturen? Sjå her!

Ingvill Heimvik • Kvinnherad

On-site
NOK 360,000 - 420,000
Tilkallingsvikar i barnehage
Tilkallingsvikar i barnehage

Sarah H S Almas • Stord

On-site
NOK 350,000 - 450,000
Gode pensjonsordninger
Inkluderte kurs og fagopplæring
Tariffavtale gjennom PBL
Vikariat Barnehagelærar
Vikariat Barnehagelærar

Laringsverkstedet • Vossavangen

Remote
NOK 420,000 - 540,000
Vikariat Barnehagelærar
Vikariat Barnehagelærar

L • Voss

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Barnehagelærer
Barnehagelærer

L • Slattum

On-site
NOK 520,000 - 640,000