Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Læringsverkstedet Sæ barnehage i Ås søkjer barnehagelærar i vikariat i 100% stilling, med oppstart 15.12.2026. Du vil vere ein varm vaksen, følgje opp barn og grupper, og bidra til eit godt fagleg miljø og utvikling.
Barnehagen ligg i Ås med tilgang til fine turområde og eit stort fagleg fellesskap. Stillinga gir gode utviklingsmoglegheiter, tariffavtale gjennom PBL og gode pensjons-/forsikringsordningar.
Vil du vere med og gjere ein forskjell i livet til barna – kvar einaste dag? Læringsverkstedet Sæ barnehage søkjer barnehagelærar i vikariat i 100 % stilling, med oppstart 15.12.2026!
Læringsverkstedet Sæ barnehage har 100-110 barn og 25-30 tilsette, fordelte på sju avdelingar.
Naturen og nærmiljøet ser vi på som ein verdifull ressurs, og vi nyttar dei aktivt i barnehagekvardagen. Barnehagen ligg på Ås, i nærleiken av Leirvik sentrum. Her har vi kort veg til byliv, kulturhus, ei aktiv hamn og kai og alt det spennande som skjer i eit levande sentrum.
Samtidig har vi flotte turområde like utanfor porten. Åsskogen og skogen ved museumsparken er populære turmål, særleg for dei yngste barna. Vi er også heldige som får disponere den gamle korttidsbarnehagen som ligg på museumsområdet.
Dei eldste barna har tilgang til to minibussar som er i dagleg bruk. Minibussane gir oss gode moglegheiter til å utforske område også utenfor nærmiljøet. Turmåla kan vere på Stord, Sagvåg, Litlabø, Fitjar, Bømlo eller Sveio – og vi kjem oss både til fjells, til skogs og til stranda.
Turane blir tilpassa alderen til barna, tema og prosjekt vi arbeider med, vêret og årstida. Hos oss skal naturen vere ein stad for leik, undring, meistring og gode opplevingar saman.
Hos oss får du jobbe saman med engasjerte og dyktige kollegaer i eit stort og inspirerande fagmiljø. Vi har eit attraktivt pedagogisk konsept og tilgang til mykje pedagogisk materiell gjennom ressursbanken vår.
Vi ønskjer at du skal få utvikle deg og halde deg fagleg oppdatert. Derfor får du høve til å delta på kurs og fagopplæring som blir tilbydd.
Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar og tariffavtale gjennom PBL.
Læringsverkstedet har eit løfte til alle tilsette:
«Hos oss har du alle moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og menneskeleg, og gjere verdas viktigaste jobb på best mogleg måte.»
Me ser etter deg som er relasjonsorientert og som ser kvart enkelt barn. Du lyttar og er merksam på det barna ønskjer å formidle, og møter dei med respekt, varme og omsorg. Du har faglege ambisjonar og eit stort hjarte for arbeidet ditt.
Du skaper engasjement rundt deg og ønskjer å vere ein aktiv vaksen som deltek i leiken, undringa, læringa og utviklinga til barna.
Du er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig. Du kommuniserer godt med menneske med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar. Du trivst med nye utfordringar, kan stå stødig i ein travel barnehagekvardag og er både ansvarsmedviten og sjølvstendig.
Me ynskjer oss ein barnehagelærar som er ein god, varm og omsorgsfull vaksenperson – ein som ser barna, møter dei der dei er og bidreg til at dei kjenner seg trygge og verdifulle.
Hos oss får du vere med på å skape små og store augeblikk som betyr noko – og bidra til at kvart barn får leike, lære, meistre og kjenne seg verdifullt.
Me får verdas viktigaste verdiar til å vekse!
I Læringsverkstedet jobbar me for å få barna til å vekse – i kunnskap og meistring, i tryggleik og empati. Me ser etter medarbeidarar som ønskjer å bidra og gi av seg sjølve, som evnar å lytte til andre, dele erfaringar og styrkje dei felles ambisjonane våre.
Viljen til stadig å bli betre, både fagleg og menneskeleg, er ein viktig føresetnad for alle som jobbar i Læringsverkstedet.
Me er ein av Noregs største private barnehageeigarar, med 250 barnehagar og 7000 tilsette. Læringsverkstedet er eigd og drive av pedagogar. Hos oss blir du ein del av eit stort fagleg nettverk, med gode moglegheiter for utvikling, læring og erfaringsdeling.
«Hos oss har du alle moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og menneskeleg, og gjere verdas viktigaste jobb på best mogleg måte.»
Me får verdas viktigaste verdiar til å vekse!