Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Universitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvalting og formidling som kjerneoppgåver. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Museet har også ansvaret for to botaniske hagar. Museet har omfattande vitskaplege samlingar og er ein sentral arena for forskingskommunikasjon for UiB. Det har om lag 155 årsverk.
Fornminneseksjonen har ansvar for sakshandsaming etter lov om kulturminne og forvaltingsinitierte utgravingar i Universitetsmuseet i Bergen sitt distrikt, som omfattar Vestland og Sunnmøre. I tillegg er seksjonen delegert ansvar for forvaltinga av bergkunstlokalitetar innenfor sitt forvaltingsområde. For feltsesongen 2026 har vi behov for personell til arkeologisk feltarbeid. Feltsesongen strekkjer frå midten av februar til november.
Av ulik lengd og kan omfatte deltaking i fleire prosjekt. Alle søknader vurdert som generelle og kan nyttast for alt feltarbeid i tidsrommet søkjar kan arbeide. Søkjarane bør tydeliggjere faglege og/eller tematiske prioriteringar. Tildeling skjer ut innanfor prosjektbehov og vurderer søkjar sin felterfaring, spesialkompetanse og faglege kvalifikasjonar.
Engasjerte og fagleg medvitne medarbeidarar som kan arbeide i team, tidvis under krevjande feltforhold, og som har evne og vilje til å bidra til et godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Søknaden skal innehalde:
Opplys hva stillingskategoriar du søkjer på, faglege interesser og nøyaktig tidsrom. Opplys om førarkort og kompetanse innanfor digital innmåling og Intrasis. I samband med tilsetjing blir det gjennomført lønsplassering, og utdanning og relevant arkeologisk praksis må dokumenterast.
Feltarbeid tildeles kontinuerlig gjennom hele sesongen. Inntrending kan skje frå februar og utover. Universitetsmuseet planlegg å avvikle fellesferie i juli, og det vil berre unntaksvis vere aktivitet i denne perioden.
Vi tek imot søknader fram til 23. oktober 2026. Dersom du får tilbod, vil du bli kontakt. Send berre éin søknad og oppdater gjerne hvis store endringar i forhold til CV og tidsrom.
Seksjonssjef Morten Ramstad: tlf. 55 58 49 44, 406 10 070, e-post morten.ramstad@uib.no
Mangfald er ein styrke. UiB treng kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjar kan bli gjort offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.