Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Kinn kommune i Florø utlyser eit 100% vikariat som anskaffingsrådgjevar for 12 månader, med moglegheit for fast tilsetjing. Arbeidet skjer som ein del av INSS, og du vil arbeide med anskaffingar innan varer, tenester, IKT og bygg og anlegg.
Du vil samarbeide tett med fagmiljø, følgje anskaffingsprosesser frå planlegging til kontraktsinngåing, og vere med å sikra naudsynt effektivitet og god bruk av fellesskapets midlar.
Kinn kommune har ledig eit 100 % vikariat som anskaffingsrådgjevar i 12 måneder, med moglegheit for fast tilsetjing. Arbeidsstad er Florø.
Kinn kommune er vertskommune for Innkjøpssamarbeidet i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn (INSS). Vi gjennomfører felles anskaffingar for INSS og anskaffingar for Kinn kommune. Arbeidet omfattar store verdiar og inneber eit viktig ansvar for at fellesskapet sine midlar blir brukte på ein god og ansvarleg måte.
Hos oss får du høve til å arbeide med eit breitt spekter av anskaffingar, mellom anna innan varer, tenester, IKT og bygg og anlegg. Du vil samarbeide tett med ulike fagmiljø og få høve til å følgje anskaffingsprosessar frå planlegging til kontraktsinngåing og oppfølging.
Anskaffingsavdelinga er organisatorisk plassert i kommunedirektøren sin stab og blir leia av anskaffingssjefen. Vi er i dag fem tilsette og søkjer no ein ny kollega til fagmiljøet vårt.
Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje seg inn i nye system.
Arve Klokk,Leiar innkjøp,+47 41534935
Magnus Thingnesgate 1
6905Florø
Leiar innkjøp
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.