A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Dag Inge Mehl søker en allsidig anleggsgartner til bygg og anlegg i Alver kommune, med base i Knarvik. Du vil arbeide med vedlikehold av turstier, grøntområder, plen og mindre bygg- og anleggskonstruksjoner.
Kvalifikasjoner: fagbrev som anleggsgartner, erfaring, førerkort B (C1 er en fordel), gode norskkunnskaper og grunnleggende digitale ferdigheter. Vi tilbyr fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Me har ledig ei fast stilling som anleggsgartnar i avdelinga for bygg og anlegg og ser etter deg som har allsidig erfarig. Vi har tre driftstasjonar i avdelinga, lokalisert i Knarvik, Manger og Frekhaug, og arbeidsområdet er heile Alver kommune. Dei viktigaste oppgåvene i avdelinga bygg og anlegg er drift og vedlikehald av kommunale eigde og leigde bygg, skuler, sjukeheimar og kommunale utleigebustader.
Vi har i dag over 160.000 kvm bygningsmasse som kommunen eig, rundt 374 kommunale utleigebustader, og over 9000 kvm leigd areal. Vi er samla sett 44 tilsette i avdelinga. Vi har lærlinger i byggdrifter og malerfaget.
Avdelinga er ein del av tenesteområdet Drift og Vedlikehald som omfattar avdelingane bygg, anlegg og elektro, veg og VA, samt reinhald. Tenesteområdet har ansvar for drift og vedlikehald av alle kommunale bygg, vegar, vatn og avløp i kommunen.
Vi ser etter deg som likar ein variert arbeidskvardag og som gjerne finn gode, praktiske løysingar når utfordringar oppstår. Du kan arbeidesjølvstendig, tek ansvar for oppgåvene dine og samarbeider godt med andre.Du er oppteken av godt handverk, tryggleik og kvalitet. Du forstår verdien av ryddig dokumentasjon og gode rutinar, og møter brukarar og kollegaer på ein hyggeleg og serviceinnstilt måte.Vi forventar ikkje at du kan alt frå første dag. Det viktigaste er at du er lærevillig, nysgjerrig og ønskjer å utvikle deg innan anleggsgartnerfaget. Kjenner du deg att i noko av dette, håpar vi du vil søkje. Hos oss får du arbeide med mange ulike anlegg - fra bustader og skular tilsjukeheimar, idrettsanlegg og tekniske bygg - saman med eit fagmiljø som deler kunnskap og erfaring.
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!