Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Alsaker Fjordbruk AS søkjer ein IT-konsulent som skal drifte og vidareutvikle IT-løysingar internt i konsernet. Du vil vere IT-ressursen for Bolaks med kontor i Lammaneset, Eikelandsosen, og reise mellom lokasjonar kan vere nødvendig.
Du får varierte arbeidsoppgåver i ei IT-avdeling som samarbeider tett med heile organisasjonen, inkludert drift av lokale serverar, Microsoft 365 og Azure. Sertifisering innan Microsoft 365 er ein fordel, men ikkje krav.
Vil du vere med og utvikle og drifte IT-løysingar internt i konsernet? Hos oss er målet å ha kompetansen i eigen organisasjon. Me driftar både lokale serverar og moderne skytenester som Microsoft 365 og Azure. Me ser etter deg som likar å finne løysingar, hjelpe folk og sikre stabil drift. Du får påverke korleis me videreutviklar IT-plattforma vår, og bidra til at konsernet jobbar effektivt og sikkert – kvar dag.
Som IT-konsulent i Alsaker Fjordbruk blir du IT-ressursen for Bolaks, med kontorstad på Lammaneset i Eikelandsosen. Stillinga er ein del av konsernet si IT-avdeling, og du vil òg jobbe på tvers av selskapa i konsernet, som har lokasjonar langs kysten frå Rogaland til Vestland. Du har fast ein dag i veka på hovudkontoret på Onarheim, og noko reising mellom lokasjonane elles må påreknast. Du blir ein viktig person i eit konsern med breitt IT-behov, der du sikrar stabil drift og bidreg til utvikling. Du blir del av eit kompetent IT-team som samarbeider tett med resten av organisasjonen.
Som IT-konsulent hos oss får du eit breitt spekter av arbeidsoppgåver, mellom anna drift og utvikling av den hybride plattforma vår. Det innebar å jobbe med alt frå lokalt datasenter og serverar til Microsoft 365, Azure og tryggleiksløysingar. Relevante arbeidsoppgåver vil vere:
Me ser for oss at den nye IT-konsulenten vår har erfaring med IT-drift, support eller konsulentverksemd. Vidare er det ein fordel at du kjenner Microsoft 365 og Azure, og har erfaring med serverdrift. Me ser etter deg med:
Sertifisering innan Microsoft 365 er ein fordel, men ikkje eit krav.
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune.
Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen.
Me er det største privateigde oppdrettskonsernet i Sør-Norge, med 36 matfiskkonsesjonar, 5 settefiskanlegg, stamfiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling.