Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Skjåk kommune søkjer etter ein 80% heimehjelp som skal gi praktisk bistand for brukarar som ønskjer å bu trygt i eigen heim. Arbeidet inneheld støttande tiltak, rettleiing og velferdsteknologi i daglege situasjonar.
Stillinga startar 01.02.2027 og krev fleksibilitet samt god norsk språkforståing. Løn etter avtale og kommunale vilkår vert tilbytt.
Stillinga er ledig frå 01.02.2027.
Vi søkjer deg som trivst med å hjelpe andre, likar ein variert arbeidskvardag og ønskjer å bidra til at innbyggjarane våre kan bu trygt og godt i eigen heim.
Som medarbeidar innan praktisk bistand får du ein viktig rolle i kvardagen til brukarane. Gjennom praktisk hjelp, rettleiing og støtte bidreg du til at den enkelte kan meistre kvardagen best mogleg og bu trygt og godt i eigen heim. Målet er å styrkje brukarane sine eigne ressursar og ferdigheiter, slik at dei kan oppretthalde størst mogleg grad av sjølvstende og deltaking i eige liv.
Arbeidet består av praktisk bistand til heimebuande brukarar i tråd med vedtak, mellom anna:
Reingjering av primærrom i bustaden i tråd med vedtak
Støtte brukarane i å nytte eigne ressursar og ferdigheiter i kvardagen
Motivere til deltaking og aktivitet ut frå den enkelte sine føresetnader
Bidra til bruk av velferdsteknologi og andre hjelpemiddel der dette kan styrkje meistring og tryggleik
Det er ønskjeleg med fagbrev som helsefagarbeidar
Relevant erfaring frå praktisk bistand eller liknande arbeid kan kompensere for manglande formell utdanning
Godkjend politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
har erfaring frå liknande arbeid
møter brukarane med respekt, omsorg og godt humør
har fokus på meistring og sjølvstende for brukar
er fleksibel og trivst i ein variert arbeidskvardag
meistrar norsk godt, både munnleg og skriftleg
har ei generell forståing for bruk av meistringsteknologi
Vil du vere med og gjere kvardagen betre for andre?

Klesvask og skift av sengetøy
Støtte brukarane i å nytte eigne ressursar og ferdigheiter i kvardagen
Rettleiing og opplæring i daglege gjeremål for å fremje meistring og sjølvstende
Motivere til deltaking og aktivitet ut frå den enkelte sine føresetnader
Bidra til bruk av velferdsteknologi og andre hjelpemiddel der dette kan styrkje meistring og tryggleik
Samarbeid med brukarar, pårørande og andre tenester ved behov
Arbeidet går føre seg på dagtid og kan vere fysisk krevjande.
Det er ønskjeleg med fagbrev som helsefagarbeidar
Relevant erfaring frå praktisk bistand eller liknande arbeid kan kompensere for manglande formell utdanning
Førarkort klasse B
Godkjend politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
har erfaring frå liknande arbeid
er sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
møter brukarane med respekt, omsorg og godt humør
har fokus på meistring og sjølvstende for brukar
er fleksibel og trivst i ein variert arbeidskvardag
har gode samarbeidsevner
meistrar norsk godt, både munnleg og skriftleg
har ei generell forståing for bruk av meistringsteknologi
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
tilsetjing på kommunale vilkår
løn etter avtale
pensjonsordning i KLP
Skjåk kommune har nynorsk som administrasjonsspråk.
Vil du vite meir om oss? Du finn også meir informasjon om kommunen og livet i bygda på nettsidene våre Sats på Skjåk og Skjåk kommune.
Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med bustad, informasjon om arbeid, barnehage, skule og fritidstilbod -- og leggje til rette dersom du ønskjer å prøvebu i Skjåk. Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk (tlf. 994 27 902).
Sletting av studielån
Er du busett i Skjåk og i arbeid, kan du få sletta opptil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Les meir om ordninga på lånekassen sine heimesider
Kommunen skal tilby praktisk bistand/heimehjelp og opplæring i daglege, praktiske gjeremål til brukarar som har eit særs hjelpebehov på grunn av sjukdom eller funksjonshemming.