A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Førde lyser ut ein 50% fast stilling ved Sogndal BUP for ein behandlar med pedagogisk og/eller helse- og sosialfagleg kompetanse. Ønskt oppstart er 01.01.2027 eller etter nærare avtale.
Avdelingen er delt i fire seksjonar og tilbyr spesialhelsetenester til barn, ungdom og familiar i området. Søkjarar må ha relevant mastergrad og erfaring frå poliklinisk arbeid i psykisk helsevern for barn og unge, samt gode norskferdigheiter.
Sogndal BUP har ledig 50 % fast stilling for behandlar med pedagogisk og/eller helse- og sosialfagleg kompetanse.
Ønskt oppstart 01.01.2027, eller etter nærare avtale.
Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge er delt i fire seksjonar; ein sengepost og tre poliklinikkar.
Sogndal BUP er samlokalisert med Indre Sogn psykiatrisenter, og er ein del av eit stort fagmiljø innan psykisk helsevern. Vi tilbyr polikliniske spesialisthelsetenester til barn, unge og familiar i kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.
Sogndal BUP har erfarne medarbeidarar og god spesialistdekning. Vi vektlegg trivsel og fellesskap, og har eit positivt arbeidsmiljø prega av høg fagleg kvalitet og rom for fagleg fordjuping.
Den som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell § 20a. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd.
Ved vurdering av søkjarar til stillinga, vil personlege eigenskapar bli tillagt vekt.
Eili Nygard Riise,Seksjonsleiar,(+47) 576 27 500
Dalavegen 29
6856Sogndal
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5211236029
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 01.12.2026