Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Øygarden kommune tilbyr ei deltidsstilling på 38 % nattvakt ved Psykiatribustader, Blombakkane i Straume. Avdelingen er ein del av Avdeling Psykisk helse og rus som ligg under kommunalsjefområde Helse og Velferd.
Arbeidsdagen vil innehalde tilsyn, rettleiing, praktisk bistand og nettverksarbeid innan døgnbemanna bustad for brukar ar som får oppfølging. Vi søkjer person med fagbrev og god skriftleg og munnleg framstillingsevne, samt evne til samarbeid og sjølvstendig arbeid.
Ved Psykiatribustader, Blombakkane er det ledig 38 % fast stilling vaken nattevakt. Bustaden er lokalisert på Straume.
Avdeling Psykisk helse og rus i Øygarden kommune ligg under kommunalsjefområde Helse og Velferd. Avdelinga yter differensierte tenester til personar med utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus. Den ledige stillinga er knytt til eit døgnbemanna bustad med brukare som bur og/eller får oppfølging frå bustaden.
Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag i eitt spennande og godt fagmiljø, der du får god nytte av di faglege kompetanse. Der ein gjennom samarbeid med den einskilde og aktuelle samarbeidsinstansar, kan tilby naudsynte og kvalitativt gode tenester.
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar.
Dersom ikkje kvalifiserte søkjarar, kan andre med relevant erfaring vurderast.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Avdelingsleiar Beate Golten tlf 94020443
Einingsleiar Therese Helgesen tlf 91529795
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.