- Utarbeiing av IOP saman med dei andre lærarane i klassane.
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av eiga undervisning.
- Det er forventa at du både kan ta imot og gje rettleiing til andre i pedagogisk utviklingsarbeid.
Vi ser etter deg som har følgjande kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning på bachelornivå innan barnehage, barnevern, sjukepleie, vernepleie eller tilsvarande.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, tilsvarande nivå B2
- Du er særs god på å bygge gode relasjonar med alle elevar.
- Du er ein tydeleg klasseleiar som trivest med ungdom/unge vaksne, og som bruker varierte og tilpassa opplæringsmetodar.
- Du er ein som legg vekt på elevaktiv læring og elevmedverknad.
- Du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert.
- Du har gode digitale ferdigheiter.
- Du tek medansvar for profesjonsutvikling, og er positiv til å reflektera over og utvikla eigen praksis saman med elevar og kollegaer.
Det er ein fordel med erfaring frå undervisning på Helse- og oppvekstfag innanfor fleire programområde.
Utdanning, erfaring og at du er personleg eigna vil verta vurdert i ein heilskap.
Hos oss kan du sjå fram til mykje bra, og vi tilbyr:
- Utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap
- Høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Ein stabil og trygg arbeidsgivar
- Offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariffavtale
Rogaland fylkeskommune står overfor ei spennande tid, prega av både utfordringar og moglegheiter. Gjennom visjonen vår «Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland»vil vi forplikte oss til å vere ei drivkraft for god samfunnsutvikling i heile fylket. Denne visjonen er grunnlaget for alt vi gjer, og ho speglar målet vårt om å skape eit Rogaland som er attraktivt for både innbyggjarar og besøkande.
- bidra til utvikling av levande og attraktive byar, sentra og lokalsamfunn gjennom kompetanse, nettverksbygging, heilskapleg innsikt og gode prosessverktøy
- sikre utdannings- og kompetansemoglegheiter i heile fylket
- bidra til eit kortreist kvardagsliv gjennom samordna areal- og transportplanlegging
- bistå kommunane med å leggje til rette for ei kunnskapsbasert og heilskapleg bustadforsyning som både tek omsyn til effektiv arealbruk og bustadmangfald
- jobbe for gode og trafikksikre løysingar for gåande, syklande og dei som reiser kollektivt