100% stilling som rektor ved Jondal skule

Marit O. Langås

Ullensvang

On-site

NOK 1,000,000 - 1,300,000

Full time

14 days+

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Fagleg fellesskap
Merkantil støtte
Leiarutvikling

Job summary

Jondal skule søker ein rektor som har stor erfaring som leiar og som kan vidareutvikle skulen som ein trygg og inkluderande læringsarena i Ullensvang kommune. Du vil vere ansvarleg for dagleg drift, personal og pedagogisk ledelse i tråd med nasjonale krav.

Du vil samarbeide tett med FAU, foreldre og lokalt næringsliv, og leia endringsprosessar for eit variert og framtidsretta opplæring. Tilsette og elevar skal kjenne at skulen har eit godt læringsmiljø og auka målretta utvikling.

Qualifications

  • Erfaring frå grunnskuleleiing eller tilsvarande leiaroppgåver.
  • Utdanning og kompetanse innan skuleleiing eller vidareutdanning er ein pluss.
  • Kunnskap om ny læreplan og ny opplæringslov.
  • Gode ferdigheiter i kommunikasjon og samarbeid.

Responsibilities

  • Sørge for effektiv drift av skulen og leie opplærings- og utviklingsarbeidet.
  • Byggja og vedlikehalde eit godt samspel med FAU og føresette.
  • Sikre variert og framtidsretta opplæring med god progresjon.
  • Leda endrings- og medverknadsprosessar og vidareutvikla læringsfellesskapet.

Skills

Leiarerfaring
Kommunikasjon
Digitale ferdigheiter
Omstilling og medverknadsprosessar
Vurderingsformer

Education

Utdanning for skuleslaget
Leiarutdanning

Tools

Digitale verktøy

Job description

Vi søkjer no rektor på Jondal skule;

Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule, fjell og fjord. Skulen er nyleg rehabilitert, og har fått mange nybygg, og har pågåande oppgradering av uteområde. Skulen har i år 127 elevar, og SFO-avdeling med 26 elevar. Skule og SFO har 29 engasjerte og fagleg dyktige tilsette, som er opptekne av å skabe eit godt læringsmiljø for elevane, der alle skal få kjenne at dei høyrer til. Skulen har tett samarbeid med kulturskule, barnehage, Jondal leirskule, bibliotek og lokalt næringsliv. Dei er opptekne av god, variert og praktisk undervisning, som tilrettelegg for læring for heile mennesket.

Vi søkjer ein rektor som har høge ambisjonar for heile oppvekstsektoren. Denne stillinga gir deg utfordringar og spanande moglegheiter for utvikling.

Viser elles til heimesida .

Stillinga inkluderer overordna ansvar for personal og det pedagogiske ved Jondal leirskule.

Stillinga er ledig frå: 01.01.27.

Vår standard for rektorar;
Arbeidsoppgåver for rektor:
  • God verksemdsstyring: Sørge for effektiv drift av skulen.

  • Utfordra og støtta tilsette: Skapa eit trygt og godt arbeidsmiljø som gjer tilsette i stand til å utføra arbeidet sitt effektivt og med engasjement.

  • Leia og utvikla læringsfellesskapet: Skapa ein kultur for læring i eit inkluderande, trygt og godt skulemiljø.

  • Omdømebygging: Vidareutvikla skulen sitt gode omdøme.

  • Samarbeid med FAU og føresette: Byggja og vedlikehalde eit godt og tillitsfullt samarbeid med føresette

  • Planleggja og gjennomføra opplæring: Sikra variert og framtidsretta opplæring av høg kvalitet med god progresjon.

Samarbeid
  • Bidra i leiarfellesskapet: Vere ein aktiv deltakar i leiarfellesskapet innan skule og kommunale satsingar.

  • Delta i lærarteam: Vere ein aktiv deltakar og bidragsyter i lærande fellesskap og lærarteam ved skulane.

Kvalifikasjonar for stillinga:
  • Utdanning og formell kompetanse for det aktuelle skuleslaget, og erfaring frå grunnskule er ønskjeleg.

  • Erfaring som leiar frå skule og opplæring.

  • Vidareutdanning i utdannings-/skuleleiing er eit pluss.

  • Erfaring med å leia endrings- og medverknadsprosessar.

  • Kunnskap om nytt læreplanverk og ny opplæringslov.

  • Kompetanse i varierte arbeidsmåtar og vurderingsformer.

  • God økonomiforståelse og erfaring med arbeid knytt til budsjett- og reknskap

  • Gode digitale ferdigheiter

  • Gode eigenskapar innan kommunikasjon både munnleg og skriftleg

  • Personlege kvalifikasjonar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar:
  • Positivt menneskesyn: Du ser det beste i andre menneske.

  • Klare tankar om den gode skulen: Du veit kva som gjer ein god skule og kan setja det ut i praksis.

  • Ambisiøs for elevane og skulen: Du har høge forventningar til elevane og skulen sin suksess.

  • Tek tydeleg ansvar, er synleg og lyttande: Du er til stades og tek omsyn til andre.

  • Utviklingsorientert og målretta: Du jobbar for å forbetra og nå mål.

  • God og trygg leiar: Du byggjer gode relasjonar og kommuniserer tydeleg med elevar, foreldre og tilsette.

  • Verdi av lagånd, openheit og tillit: Du forstår betydninga av samarbeid og gjensidig respekt.

  • Byggjer gode læringssystem: Du er oppteken av å etablera gode læringsmiljø på alle nivå.

  • Bidreg til heilskapen: Du ser oppdraget ditt som ein del av å forbetra heile Ullensvangskolen og oppvekstsektoren.

Vi tilbyr
  • Fagleg fellesskap: Støtte gjennom nettverksmøter for nye rektorar og deltaking i eit sterkt rektorkollegium.

  • Merkantil støtte: Tilgang til merkantil støtte som tek vare på personvern og GDPR.

  • Tverrfagleg team: Eit tverrfagleg team er tilgjengeleg for å hjelpa skulen med utfordringar og samordna tenester ved behov.

  • Ressursteam: Ressursteam som har som mål å bidra til tidleg innsats og tverrfagleg fokus hos born og unge. Dette teamet er knytt til fritida til elevane, med deltakarar frå ulike tenester internt i kommunen og politiet.

  • Leiarutvikling: Moglegheiter for leiarutvikling gjennom både formelle og uformelle aktivitetar.

Vilkår
  • Løn: Etter avtale

  • Pensjon og forsikringar: Gode ordningar

  • Oppstart: Etter avtale

Til søknaden skal relevante vitnemål og attestar leggjast ved.

Det er eit krav om godkjent politiattest for den som vert tilsett i stillinga.

Alle søkjarar vert sett opp på ei offentleg søkjarliste. Det kan søkjast om anonymitet, men det må liggja føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør offentlighetsloven § 25.

Kontaktperson; Anna Maria Kråkevik, e-post: anna.maria.kraakevik@ullensvang.kommune.no eller mobil: 97078337

Velkomen som søkjar hjå oss i Ullensvangskulen!

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

100% stilling som lærar ved Vikebygd skule
100% stilling som lærar ved Vikebygd skule

Elin Mikkelsen Grønlien • Ullensvang

On-site
NOK 520,000 - 600,000
Trivelig arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Veletablerte permisjons- og senioravtâ
+1
100% stilling som lærar ved Tyssedal barneskole
100% stilling som lærar ved Tyssedal barneskole

Ruth Therese Hylland Gravdal • Ullensvang

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Løn etter hovudtariffavtalen
Gode permisjonsvilkår
Gode pensjonsvilkår
100% stilling som verksemdsleiar ved Ergo- og fysioterapitenesten
100% stilling som verksemdsleiar ved Ergo- og fysioterapitenesten

Dagrun Myrland • Odda

On-site
NOK 600,000 - 700,000
Løn etter lokal avlønningsmodell
Gode muligheter for faglig utvikling
Fleksitid
Verksemdsleiar Ergo- og fysioterapi - utvikling og leiing
Verksemdsleiar Ergo- og fysioterapi - utvikling og leiing

Dagrun Myrland • Odda

On-site
NOK 600,000 - 700,000
Løn etter lokal avlønningsmodell
Gode muligheter for faglig utvikling
Fleksitid
Ringevikar Rabben barnehage
Ringevikar Rabben barnehage

Kristin Oppedal • Ullensvang

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Løn etter tariff
Ullensvang studielånsletting
Ringevikar som lærar ved Odda barneskole
Ringevikar som lærar ved Odda barneskole

Erlend Nævdal Bolstad • Odda

On-site
NOK 380,000 - 520,000
Leder for barne- og ungdomstenester (avlastning)
Leder for barne- og ungdomstenester (avlastning)

Harald Molven • Vestland

On-site
Confidential
Konkurransedyktige vilkår
Muligheter for kompetanseheving
Gode permisjons- og pensjonsordninger
100% vikariat som musikklærar ved Jondal skule og Ullensvang kulturskole
100% vikariat som musikklærar ved Jondal skule og Ullensvang kulturskole

Ullensvang kommune Jondal skule • Sætveit

On-site
NOK 480,000 - 560,000
Godt arbeidsmiljø
Pedagogisk utviklingsmiljø
Bustadhjelp
+2
100% stilling som verksemdsleiar ved Omsorgstenesten aust, Kinsarvik
100% stilling som verksemdsleiar ved Omsorgstenesten aust, Kinsarvik

Dagrun Myrland • Odda

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Fleksibel arbeidstid
Gode pensjons-, forsikrings- og permis
Løn etter lokal avlønningsmodell forle
Ringevikar ved Skare barnehage
Ringevikar ved Skare barnehage

Andreas Lien • Ullensvang

On-site
NOK 320,000 - 420,000
Varierte arbeidsoppgåver
Kompetanseutvikling støtta av kommunen