An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Askvoll kommune står fram som ein arbeidsgjevar som søker ein driftsoperatør til driftssentralen i Askvoll fra 01.12.2026, eller etter avtale. Stillinga omfattar hovudoppgåver knytt drift og vedlikehald av kommunale byggverk, anlegg og eigedomar, og kan vere ein del av teknisk vakt.
Kvalifikasjonar inkluderer fagbrev i tømrerfaget, mekaniske fag eller røyrleggjarfaget (eller anna relevant fagbrev), samt god norsk kommunikasjon og politiattest ved tiltreding.
Vi har ledig 100% fast stilling som driftsoperatør er ved driftssentralen i Askvoll kommune frå 01.12.2026, eller etter avtale.
Arbeidet vil i hovudsak vere tilknytt drift og vedlikehald av kommunale byggverk, anlegg og eigedomar.
Stillinga kan verte ein del av teknisk vakt.
Fagbrev innanfor tømrarfaget, mekaniske fag eller røyrleggjarfaget, eventuelt anna relevant fagbrev som elektrikar, byggdriftar, veg og anlegg, mekanikar eller andre fag som kan relaterast til arbeidet. Lang erfaring innanfor nemnde område kan ved vurdering kompensere for manglande utdanning.
Godkjend politiattest må leggast fram ved tiltreding.
Vi legg stor vekt på gode samarbeidsevner, serviceinnstilling, sjølvstendigheit, allsidigheit,gjennomføringsevne og fleksibilitet.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar ogtariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje- uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal elleretnisk bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnatekeoffentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unntaoffentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjortoffentleg.