Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Fjord1 - Maritim Drift søkjer etter 1. maskinist til sambandet Lavik-Oppedal. Du får tilbod om ei viktig rolle med ansvar for drift og vedlikehald av fartøyet.
Skiftordning er 3 veker jobb og 3 veker fri. Reisekostnader blir dekka, og ein bur ombord i arbeidsperioden.
Fjord1 har ledig stilling som 1. maskinist til sambandet Lavik-Oppedal.
Skiftordning er 3 veker jobb og 3 veker fri. Reise til/frå jobb blir dekka.
I rolla som 1. maskinist har du eit stort ansvar i drifta av fartøyet og fungerer som maskinsjefen sin stedfortredar. Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du vil her jobbe på eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda, i ein travel, men trygg kvardag med godt samarbeid.
Oppstart er så snart som mogle.
Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.
Fjord1 dekker kurs i krise- og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert 1.maskinist med teknisk innsikt, og god kommunikasjonsevne. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag.
Sigrunn Hellebust,Rekrutteringsmedarbeider,+47 47330488, sigrunn.hellebust@fjord1.no
6947Lavik
Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5186979259
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2026
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.
Skipsførar i sambandet Leirvåg-Sløvåg, p.t. MF Storfjord
"